Salmane 69 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
David bed Gud um frelsa frå sine lidingar; vel er han ein syndar, men det er like vel hans brennhug for Guds sak som er årsak til dei, so han ber dei for Guds skuld, 2-13. Han bed på nytt um frelsa, skildrar vondskapen åt fiendane og bed Gud straffa dei med undergang, 14-30. Han lovar å herleggjera Gud med si takk og vonar at hans frelsa vil styrkja trui hjå alle dei gudlege, 31-34. Han hev den hugheile trui at Herren vil frelsa sin lyd, 35-37. / Salmen inneheld ein spådom um det Messias lyt lida når dei ugudlege fiendane hans forfylgjer han, kva straff dei skal få, og kva frukt hans liding skal bera. Sjå salme 31.
1Til songmeisteren, etter «Liljor»
2Frels meg, Gud! for vatni når radt til sjeli.
3Eg er sokken ned i botnlaust dy, der det inkje fotfeste er; eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.
37og avkjømet åt hans tenarar skal erva dei, og dei som elskar hans namn, skal bu der.