Salmane 72 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Salomo spår um Messias' rettferdige styring og um fruktene av henne; fred og otte for Gud skal bløma til æveleg tid i Guds folk; Messias' herredøme skal breida seg ut yver heile jordi, alle folk skal hylla og tilbeda han; sjølve jordi skal bera ovrik grøda, 1-16. Difor skal hans namn prisast i all æva, 17.

1Av Salomo. / Gud, Gjev kongen dine domar og kongssonen di rettferd!Jes 11,2-5

2Han skal døma ditt folk med rettferd og dine armingar med rett.

3Fjelli skal bera fred for folket, og like eins haugane for rettferd skuld.Sal 85,11-12; Jes 2,4; 9,6-7; 11,6-9

4Han skal døma armingane i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen.Jes 11,4; Sal 10,18; 26,1

5Dei skal ottast deg so lenge soli skin, og so lenge månen lyser, frå ætt til ætt.2 Sam 7,13; Sal 89,37-38

6Han skal koma ned som regn på nyslegen voll, lik ei regnskur, som væter jordi.Jes 45,8

7I hans dagar skal den rettferdige bløma og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir.

8Og han skal hava herredom frå hav til hav og frå elvi til endane av jordi.Sak 9,10; Sal 89,26

9Dei som bur i øydemarki, skal bøygja kne for han, og hans fiendar skal slikka mold.Jes 49,23

10Kongane frå Tarsis og øyane skal bera fram gåvor, kongane frå Sjeba og Seba skal koma med skatt.Sal 45,13; 68,30; Jes 60,6-9

11Alle kongar skal fall ned for han, alle heidningar skal tena han.Sal 22,28-29; 86,9

12For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev.

13Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjelene åt dei fatige skal han frelsa.

14Frå trykk og vald skal han løysa deira sjel, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo.Sal 116,15

15Og dei skal leva og gjeva han gull frå Sjeba og alltid beda for han; heile dagen skal dei lova han.

16Det skal vera ei ovnøgd med korn i landet, på fjelltoppane, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk skal bløma fram i byane som gras på jordi.Jer 31,12; Am 9,13; Jes 54,1

17Hans namn skal vara i all æva; so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og dei skal velsigna seg ved han; alle heidningar skal prisa han sæl.Jes 9,6; 1 Mos 12,3

18Lova vere Gud Herren, Israels Gud, han, den einaste som gjer under!Sal 41,14; 2 Mos 15,11

19Og lova vere hans herlege namn i all æva, og all jordi verte full av hans herlegdom! Amen, amen.Jes 6,3

20Ende på bønene av David, son åt Isai.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help