Jesaja 43 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herrens utvalde folk skal ikkje ottast like vel; han vil i sin kjærleik løysa det ut, føra det uskadt gjenom alle trengslor og fårar og samla det frå alle land på jordi, 1-7. Mot heidningane kallar han sitt blinde folk til vitne på at det er han og ingen avgud som hev varsla og sett i verk det som hev hendt, at difor einast han er den allmektige Gud og frelsar, 8-13. Til frelsa for Israel vil Herren lata Babel falla, og denne nye frelsa skal vera mykje større enn den i Egyptarland, 14-21. Men folket vert ikkje frelst for di det hev fortent det, men berre av Herrens miskunn og nåde; Israel hev berre mødt han med syndene sine, og difor hev han og lote gjeva det i fiendevald, 22-28.

1Og no, so segjer Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver uredd! Eg hev løyst deg ut, ropa deg på namn, du er min.

10De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar, som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at eg er Gud; Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen.

11Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar.

25Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.

27Den fyrste far din synda, og dine målsmenn var utrue mot meg;

28so laut eg vanhelga heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og gjeva Israel til spott.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help