Mika 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten forkynner at Messias, han som er til frå æva, skal fødast i det vesle og ringe Betlehem, gjera ende på fangetidi for Israel, vakta det i Guds kraft og høgd og verna det mot heimsriket, 1-5. I denne tidi skal Israel gjeva folki himmelsk velsigning og kveik og tyna alle dei som set seg upp imot det, med uvinneleg kraft, 6-8. I same tidi skal Herren rydja ut or det alle verdslege forsvarsgreidor og like eins all trolldom og avgudsdyrking, og han vil straffa hardt dei folki som ikkje vil lata seg umvenda, 9-14.

1Men du, Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom Judas tusund! Frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.

2Difor gjev han dei yver i ulukka alt til den tid då ho som skal føda, hev født; då skal dei som er att av brørne hans, få koma heim att saman med Israels-borni.

3Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds høge namn; og dei skal sitja trygt, for no skal han vera stor alt til endane av jordi.

6Då skal Jakobs leivning vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, som ei regnskur på gras, som ikkje biar på nokon og ikkje ventar på mannsborni.Sal 110,3

7Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningfolki, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar; ho trakkar ned og riv sund kvar ho fer fram, og det er ingen som bergar.

8Høg vere di hand yver uvenene dine! Må alle fiendane dine verta utrudde!

9Og det skal ganga so på den dagen, segjer Herren, at eg vil rydja ut alle hestane du hev, og øyda vognene dine;

10eg vil rydja ut byane i landet ditt og riva ned alle borgene dine;

11eg vil rydja ut all trolldom hjå deg, og folk som spår av skyene, skal ikkje lenger finnast hjå deg;

12eg vil rydja ut or landet ditt dei utskorne bileti dine og biletsteinane dine, so du ikkje meir skal tilbeda det som hendene dine hev laga;Jes 30,22; 31,7; Sak 13,2

13eg vil riva upp Astarte-bileti i landet ditt, og byane dine vil eg øyda.

14I vreide og harm vil eg taka hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help