Jeremia 31 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I den siste tidi vil Herren nya uppatt samfundet millom seg og heile folket sitt, 1. Israel, Efra'im (dei ti ættene), som han aldri hev halde upp å elska, vil han føra heim att og velsigna rikleg, 2-14. Når det lenge hev lide vondt og syrgt i utlægdi, vil Herren i sin inderlege kjærleik taka det til nåde att, for di det hev vendt um etter refsingi, 15-20. Når det er heimkome, skal det atter koma i inderleg samfund med Herren, 21.22. Juda og skal koma heim att, og Herren skal kveikja det der, 23-25. Profeten vaknar ei liti stund or den burtrykkingi han hev vore i medan han fekk openberringi, og tykkjer ho hev vore herleg, 26. So forkynner han at Herren vil lata heile Israels- og Judafolket aukast, syta for det og ikkje senda yver det fleire slike straffedomar som dei det hev røynt fyrr, 27-30. Ved Messias vil han skipa ei ny pakt med dei, betre enn den gamle, med di han tilgjev dei syndene og skriv lovi i hjarto deira, so dei vert hans folk og kjenner han alle saman utan at nokon lærer dei, 31-34. Israel skal leva alltid; Jerusalem skal verta uppattbygt, og det som fyrr var vanheilagt, skal verta helga og leggjast til byen, 35-40.

1I den tidi, segjer Herren, vil eg vera Gud for alle ættgreinene i Israel, og dei skal vera mitt folk.

8Sjå eg let dei koma frå landet i nord og samlar dei frå utkantane av jordi; ibland dei er både blinde og halte, både fremmelege kvende og fødande; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.

9Gråtande skal dei koma og med audmjuke bøner; eg vil fylgja dei; eg vil leida dei til rennande bekker på ein jamn veg, der dei ikkje skal snåva. For eg er vorten ein far for Israel, og Efra'im er min fyrstefødde son.

23So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei segja so i Judalandet og byane der, når eg gjer ende på utlægdi deira: Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help