1Herrens ord kom til meg, og det lydde so;
2Menneskeson! Spå mot profetane i Israel, som fer med spåing, og seg til dei som spår etter sitt eige hjarta: Høyr Herrens ord!
15Eg vil renna ut all min harm på veggen og på dei som strauk han med kalk, og so vil eg segja til dykk: Burte er både veggen og dei som strauk på han,
16profetane i Israel, som spådde um Jerusalem og såg fredssyner åt det, endå det ingen fred er, segjer Herren, Israels Gud.
17Og du menneskeson! Vend andletet mot ditt folks døtter, som spår etter sitt eige hjarta, og spå imot dei
18og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Usæle dei som saumar bindsel åt alle leder på hendene mine og lagar hettor åt hovudet på folk etter som kvar og ein er høg til, so dei kann fanga sjeler! Mitt folks sjeler fangar de, og dykkar eigne sjeler held de i live.
19Og de vanhelgar meg hjå mitt folk for nokre korn-nevar og brød-molar - til å drepa sjeler som ikkje skulde leva, med di de lyder på lygn.Mi 3,5; 2,11
20Difor segjer Herren, Israels gud, so: Sjå, eg vil få tak i bindsli dykkar som de fangar sjelene med liksom fuglar, og riva dei av armane dykkar, og sjelene som de fangar, dei vil eg løysa og sleppa liksom fuglar.
21Og eg vil riva sund hettone dykkar og berga mitt folk utor hendene dykkar, so dei aldri meir skal vera veidefang i dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren.
22For di de med lygn fær rettferdige manns hjarta til å vanmodast, endå eg ikkje hev valda han sorg, og gjer gudlaus manns hender sterke, so han ikkje vender um frå sin vonde veg, og eg kann lata han få levaJer 23,14
23difor skal di ikkje lenger hava fåfengelege syner eller fara med falske spådomar, og eg vil berga mitt folk utor hendene dykkar, og de skal sanna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.