1. Korintar 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus talar um Andens gåvor (nådegåvone), som det er mange range meiningar um i Korint, både når det gjeld det innbyrdes verdet av dei og gagnet av dei for Kristi kyrkjelyd, 12-14 kap. Han lærer fyrst at desse gåvone, so ulike dei kann vera, alle hev den eine og same gjevaren, det er Gud, og alle hev same fyremålet: å vera til gagn for kyrkjelyden, 1-11; sidan syner han at kyrkjelyden just treng til alle desse ulike tenestone og gåvone, so den ringaste og usjålegaste gåva er like umissande som den som fell mest i augo; difor skal ikkje dei brørne som hev meir framifrå gåvor, vanvyrda dei som hev fenge mindre, eller desse att ovunda dei andre, 12-30. Men beste vegen er like vel å streva etter kjærleiken, 31.
1Men um dei åndelege gåvone vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør!
2De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudane, etter som de vart dregne.