1Trimånadsdagen etter Israels-borni hadde fare frå Egyptarland, kom dei til Sinaiøydemarki.
2Dei tok ut frå Refidim og kom til Sinaiøydemarki, og der lægra Israel seg i villmarki midt for fjellet.4 Mos 33,15
3So steig Moses upp til Gud, og Herren ropa til han frå fjellet og sa: Dette skal du segja til Jakobs-ætti og gjera kunnigt for Israels-borni:Apg 7,38
4De hev set kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.5 Mos 29,2; 32,11-12
5Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda pakti mi, so skal de vera min eigedom framum alle andre folk; for heile jordi er mi.Sal 24,1; 50,12; 1 Kor 10,26
6Og de skal vera meg eit kongerike av prestar og eit heilagt folk. Desse ordi skal du tala til Israels-borni.5 Mos 7,6; 14,2; 1 Pet 2,9; Op 1,6; 5,10
7Då Moses kom att, kalla han i hop dei øvste av folket og bar fram det bodet som Herren hadde sendt han med.
8Då svara folket alle som ein: Alt det Herren hev sagt, skal me gjera. Og Moses bar svaret deira attende til Herren.2 Mos 24,3; 5 Mos 5,27
9Då sa Herren til Moses: Høyr her! Eg skal koma til deg i ei tett sky, so folket kann høyra når eg talar med deg; då skal dei alltid tru på deg. Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara,
10so sa Herren til han: Gakk til folket og seg dei skal helga seg idag og i morgen og två klædi sine.
11Tridje dagen skal dei halda seg reiduge; for då vil Herren stiga ned på Sinaifjellet for augo åt alt folket.
12Og du skal setja ei stengsla for folket rundt ikring og segja: Vara dykk og gakk ikkje upp på fjellet, og kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy.
13Ingen må taka si hand i han! Han skal steinast eller skjotast; anten det er dyr eller folk, so skal dei lata livet. Men når hornet ljomar med lange tonar, då skal dei stiga upp på fjellet.Hebr 12,20; 2 Mos 24,1
14So gjekk Moses ned av fjellet til folket og sa dei skulde helga seg og två klædi sine.
15Og han sa til dei: Tridje dagen lyt de halda dykk reiduge! Kom ikkje nær kvinnor!
16So var det tridje dagen med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.Hebr 12,18-19
17Men Moses førde folket ut or lægret til møtes med Gud, og dei vart standane innunder fjellet.5 Mos 4,11
18Og heile Sinaifjellet stod i ein røyk, av di at Herren for ned på det i eld; røyken steig upp som av ein masomn, og heile fjellet dirra og skalv.
19Og ljurljoden auka og vart sterkare og sterkare; Moses tala, og Gud svara han lydt.
20Då Herren hadde stige ned på Sinaifjellet, på øvste tinden, so kalla han Moses upp på nuten til seg. Då gjekk Moses upp,
21og Herren sa til han: Gakk ned og vara folket, so dei ikkje bryt seg fram til Herren og vil sjå han; for då kjem mange av dei til å stupa.2 Mos 19,12-13; 33,20
22Og prestane, som kjem nærmare innåt Herren, lyt og helga seg, so Herren ikkje skal fara inn imillom dei.
23Då sa Moses til Herren: Folket kann ikkje koma upp på Sinaifjellet. For du hev sjølv vara oss og sagt: Set eit gjerde kring fjellet og lys det heilagt!2 Mos 19,12
24Og Herren sa til han: Gakk no berre ned og kom so upp att, både du og Aron! Men prestane og ålmugen må ikkje brjota seg fram og stiga upp til Herren; for då kjem han til å fara inn imillom dei.
25So gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.