2. Mosebok 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren gjev fyresegner um påskelambet, 1-13, og um usyrdebrødhelgi, 14-20; Moses talar til Israels-folket um dette, og dei gjer som han segjer, 21-28. Herren slær i hel alt som er frumbore hjå egyptarane; Israels-folket fer ut or landet, 29-42. Moses gjev dei nøgnare fyresegner um påskelambet, 43-51.

1Og Herren tala so til Moses og Aron medan dei var i Egyptarlandet:

2Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar, den fyrste månaden i året skal han vera for dykk.

3Tal no de til heile Israels-lyden og seg: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husbonde taka seg ut eit lamb, so kvar huslyd fær eitt lamb.

4Men er lyden hans for liten til å eta upp eitt lamb, so skal han og grannen taka seg ut eit i hop, etter som dei hev folk til; de skal ikkje rekna fleire folk på kvart lamb enn at alle fær metta seg.

5Eit lytelaust verlamb lyt det vera, og årsgamalt; i staden for eit lamb kann de og taka eit kje.

6De skal taka det i vare til den fjortande dagen i denne månaden; då skal heile Israels-lyden slakta det soleglads bel.

12For den same natti vil eg fara igjenom Egyptarlandet og slå i hel alt som frumbore er i Egyptarland, både folk og fe; og yver alle egyptargudane vil eg halda dom; eg er Herren.4 Mos 33,4

13Og blodet på dei husi som de er i, skal vera til eit merke for dykk, når eg ser blodet, skal eg fara framum dykk; og de skal ikkje verta fyre noko vondt når eg slær Egyptarlandet.

14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk; då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.1 Kor 11,24-25

15Sju dagar skal de eta usyrt brød; straks den fyrste dagen skal de hava all surdeig burt or husi dykkar; for kvar den mann som et surbrød millom den fyrste og sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.2 Mos 34,18; 3 Mos 23,5-14; 4 Mos 28,17-25

16Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagane skal de ikkje hava noko arbeid fyre dykk; berre den maten som kvar mann treng, skal de laga til, og elles ingen ting gjera.

17De skal høgtida usyrdebrødhelgi; for då førde eg herane dykkar ut or Egyptarlandet. Difor skal de høgtida denne dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar.

18Frå fjortandedags kvelden i den fyrste månaden til ein og tjugandedags kvelden i same månaden skal de eta brød som det ikkje er surt i.

19I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husi dykkar; kvar den mann som et surbrød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er framand eller fødd og alen i landet.

20De må ikkje smaka den minste grand som er syrt; i alle hus skal de eta usyrt brød!

21Då kalla Moses i hop alle dei øvste i Israel og sa til dei: No lyt de av og finna dykk småfe åt huslydane dykkar og slakta påskelambet.

22Og so skal de taka ein isopkvost og duppa i blodet som er i skåli, og strjuka noko av det blodet på dørkollen og båe dørskiene. Og ingen av dykk må ganga ut or husdøri si fyre morgon.

23For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på båe dørskiene, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynaren sleppa inn i husi dykkar og drepa.Hebr 11,28

24So skal de då halda dykk etter dette bodet; det skal vera ei lov for deg og borni dine i all æva.

25Når de so kjem inn i det landet som Herren vil gjeva dykk, som han hev lova, då skal de halda uppe denne helgeseden.

26Og når borni dykkar spør: Kva er dette for ein helgesed de brukar?

27då skal de svara: Det er påskeoffer til Herren, som for utum husi åt Israels-borni i Egyptarland då han heimsøkte egyptarane og sparde våre hus. Då la folket seg på kne og tilbad.

28Og Israels-borni gjekk av og gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.

29So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsætet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungane i buskapen.2 Mos 4,23; Sal 78,51; 105,36

30Då for Farao upp um natti, han og alle tenarane hans og alle egyptarane, og det vart eit øgjeleg skrik i Egyptarland; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i.

31Og Farao sende bod etter Moses og Aron um natti og sa: Gjer dykk reiduge og ut or riket mitt, både de og Israels-borni, og gakk av og held høgtid for Herren, som de hev tala um!2 Mos 11,1

32Tak med dykk bufeet dykkar, både smått og stort, som de hev sagt, og far burt og bed godt for meg og!

33Og egyptarane anna på folket og vilde få dei fort utor landet. Elles døyr me alle saman! sa dei.

34So tok folket deigen sin, fyrr han vart syrt; dei sveipte deigtrogi inn i kjolane og bar dei på herdane.

35Og Israels-borni gjorde som Moses hadde sagt, og bad egyptarane um sylv og gull og helgeklæde.2 Mos 11,2

36Og Herren hadde laga det so at egyptarane vilde folket vel, so dei var gode å beda. Det var det herfanget dei tok av egyptarane.2 Mos 3,21-22

37So tok då Israels-borni ut frå Ra'amses og la vegen til Sukkot; dei var på lag seks hundrad tusund mann til fots, umfram kvinnor og born.4 Mos 33,5; 1,46

38Og ein stor hop med allslags folk fylgde med dei, og bufe, både smått og stort, ei ovstor drift.

39Av deigen dei hadde med seg frå Egyptarland, baka dei hellekakor; for han var ikkje syrt, etter di dei vart jaga ut or Egyptarland og ikkje torde drygja der lenger; og ikkje hadde dei butt seg til med ferdakost heller.

40Den tidi som Israels-borni hadde havt bustaden sin i Egyptarland, var fire hundrad og tretti år.1 Mos 15,13; Gal 3,17

41Då dei fire hundrad og tretti åri var på dagen utlidne, då tok alle Herrens herar ut frå Egyptarlandet.

42Den natti akta Heren på og førde dei ut or Egyptarlandet; den same natti skal alle Israels-borni akta på for Herren, ætt etter ætt.

43Og Herren sa til Moses og Aron: So er fyresegni um påskelambet: Ingen framand må eta av det.

44Hev nokon ein tenestdreng som er kjøpt for pengar, so skal du fyrst umskjera han; sidan kann han eta av det.

45Ingen busete eller leigekar må eta av det.

46I eitt hus skal det etast; du må ikkje hava noko av kjøtet ut or huset, og de må ikkje brjota noko bein i det.4 Mos 9,12; Joh 19,36

47So skal heile Israels-lyden gjera.

48Og når ein framand held til hjå deg og vil halda påskehøgtid for Herren, då skal alle karfolki hans umskjerast, so kann han få vera med og halda høgtid, og då skal han vera jamgod med dei som er fødde og alne i landet; men ein som ikkje er umskoren, må aldri eta av det.

49Det skal gjelda same lovi for dei som er fødde og alne i landet, og for dei framande som held til hjå dykk.

50Og alle Israels-borni gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.

51Denne same dagen var det Herren førde Israels-borni ut or Egyptarland, fylking etter fylking.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help