1Framsegn um Babel, som Esaias, son til Amos, fekk i eit syn.Jes 21,1-10; Jer 50,1-46; 51,1-58
2Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til dei, veifta med handi at dei kann koma og draga inn gjenom portane åt valdsherrane!
3Eg hev bode ut dei vigde mennene mine, ja, til å tena min vreide hev eg kalla kjempone mine, dei sigerbyrge, jublande skarar.
4Høyr! Ståk på fjelli som av eit stort folk! Høyr! Gny av kongerike, av folkeslag som strøymer i hop! Herren, allhers Gud, mønstrar stridsheren sin.
5Frå eit land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.
6Skrik og jamra dykk! For Herrens dag er nær; han kjem som vald frå den Allveldige.
7Difor sig alle hender, og alle mannshjarto brånar i barmen.Nah 2,11; Jos 7,5
8Dei reddast, ve og verk tek dei, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andletet.Sal 48,7; Jes 21,3; Jer 4,31; Hos 13,13; Mi 4,10
9Sjå, Herrens dag kjem, grueleg og full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark og rydja ut syndarane hennar;Jes 34,8; Sal 104,35
10for stjernone og dei strålande stjernebileti på himmelen skal ikkje lata ljoset sitt stråla; soli er myrk når ho renn, og månen skin ikkje.Jes 50,3; Esek 32,7; Am 5,8; Joel 2,10; 3,4.20; Matt 24,29; Mark 13,24; Luk 21,25
11Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen hennar og dei ugudlege for deira misgjerning, eg vil gjera ende på storlætet til dei ovmodige og døyva trassen hjå valdsherrane.Jes 2,11.17; 5,15
12Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneske meir sjeldsynte enn gull frå Ofir.1 Kong 9,28; Job 28,16
13Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers Gud, på i den dagen vreiden hans brenn.Nah 1,5; Op 6,14
14Og som eit skræmt rådyr, liksom sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land.
15Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd.
16Småborni deira skal krasast so dei ser på det; husi deira skal verta herja og kvinnone deira valdtekne.2 Kong 8,12; Sal 137,9; Op 2,23
17Sjå, eg eggjar mot dei medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull,
18og bogane deira feller gutane; med fosteret i morslivet hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje.Jes 13,16; Nah 3,10
19Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldear-pryda, skal det ganga som då Gud la Sodoma og Gomorra i øyde.Jes 1,9; 1 Mos 19,25; Jer 49,18; 50,40
20Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld der, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord.
21Men ville dyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strussar skal bu der og raggetroll hoppa ikring.Jes 34,13-15; Jer 50,39; Sef 2,14; Op 18,2
22Ville hundar skal yla i dei aude borgene, og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagane skal ikkje drygast ut.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.