Jesaja 45 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren vil gjeva Kyros makt yver folk og kongar for Israel skuld, og so både Kyros sjølv og alle folk på jordi skal skyna at han er den einaste sanne Gud, som både lukka og ulukka kjem frå; då skal jordi verta full av frelsa og rettferd, 1-8. Dei som finn åt og lastar Herrens styring, er ovmodige dårar. Ein skal lata han syta for folket; han skal gjeva Kyros siger og lata han byggja Jerusalem upp att og senda Israel heim, 9-13. Folki skal slå seg i hop med Israel, av di dei skynar at den sanne Gud einast finst der; avgudsdyrkarane skal ganga til grunns, medan Israel vert frelst til æveleg tid, 14-17. Når Herren gjer det han hev lova Israel, skal heidningane skyna at einast han er Gud, og soleis skal hans urikkane vilje ganga fram, at alle menneske ein gong skal bøygja kne for han, 18-25.

1So segjer Herren til sin salve-vigde, til Kyros, som eg held i hans høgre hand for å kasta heidningfolk til jordi for han og løysa beltet av kongar, for å opna dører for han, og so ingi portar skal vera stengde:

14So segjer Herren: Rikdomen frå Egyptarland og vinningi frå Etiopia og Saba-mennene, rørslege karar, skal koma til deg og høyra deg til; deg skal dei fylgja, i lekkjor skal dei ganga, og for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud, og det finst ingen annan, ingen annan Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help