Salmane 78 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Asaf bed Guds folk akta på den lærdomen som ligg i soga åt federne, 1-4. Folket er kalla til å lata Guds bod og storverk leida dei til gudlegdom og ikkje taka etter den trassige åtferdi åt federne, 5-8. Ein med Efra'ims-ætti til førar hev dei gjort tvert imot dette kallet, 9-11. Gud hadde i Egyptarland og i øydemarki gjort storverk mot federne, men dei hadde allstødt vore vantruande, trassige og falske mot han, so han gang på gang laut straffa dei hardt; like vel hadde han i miskunn ikkje gjort dei til inkjes, 12-40. Dei let seg ikkje føra til truskap mot Gud ved dei herlege nådegjerningane han hadde gjort mot federne i Egyptarland, i øydemarki og Kana'an, men med Efra'im til førar hev dei teke etter utruskapen åt federne og krenkt han med avgudsdyrkingi si; difor gjekk han burt frå heilagdomen i Silo, let paktkista falla i fiendehand og let sverdet herja millom folket, 41-64. Men no hav han atter gjort sælebot på folket sitt og gjev det siger yver fiendane; like vel hev han sett Juda i stand åt Efra'im, med di han hev valt David, hyrdingen, til hyrding for Israel og gjort Sion i staden for Silo til bustad for alltid, 65-72.

1Ein salme til lærdom av Asaf. / Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar!

2Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamal tid strøyma ut.

13Han kløyvde havet og let dei ganga igjenom og let vatnet standa som ein dunge.

47Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar.

65Då vakna Herren som ein sovande, lik ei kjempa som er fegen av vin.

66Og han slo sine fiendar attende, let æveleg skam koma yver dei.

67Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efra'ims ætt valde han ikkje ut.

68Men han valde ut Juda-ætti, Sionfjellet som han elska.1 Sam 16,1-10

69Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, lik jordi, som han hev grunnfest til æveleg tid.Sal 48,3; 68,17; 132,13-14

70Og han valde ut David, sin tenar, og tok han frå sauegrindane.1 Sam 16,11-13

71Han henta han frå lambsauene som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv.2 Sam 7,8

72Og han gjætte dei etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help