1Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David. /
2Herre, vår Herre, kor herleg ditt namn er yver all jordi, du som hev breidt din prydnad ut yver himmelen!Sal 19,1-7; 104,1-2; Jes 40,26
3Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei makt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngjeruge.Matt 21,16
4Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernone, som du hev skapt,
5kva er då eit menneske, at du kjem han i hug, og eit menneskebarn, at du ser til han!Job 7,17; Sal 144,3; Hebr 2,6-9
6Du gjorde han lite lægre enn Gud; med æra og herlegdom krynte du han.
7Du sette han til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting la du under hans føter:1 Mos 1,28; 9,2; 1 Kor 15,27
8sauer og uksar, alle i hop, og jamvel dei ville dyr i marki,
9fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som ferdast på havsens stigar.
10Herre, vår Herre, kor herleg ditt namn er yver all jordi!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.