Jeremia 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

På Israels syndesanning (3,22-25) svarar Herren at dersom det vender um i sanning, skal det finna nåde att hjå han og få uppfyllt lovnaden um at heidningane skal venda um, 1.2. So vender han seg til Juda og manar det og til ålvorleg og grundig bot, so ikkje hans øydande harm skal koma yver det, 3.4, og forkynner at landet skal verta øydt av fiendar nordanfrå (kaldearane), 5-9. Forstøkt klagar profeten for di Herren hev late dei falske profetane dåra folket med lovnader um fred, 10, og skildrar so øydeleggjingi som trugar det; berre ei snar umvending kann berga det, 11-18. Til slutt talar han um den såre sorg som det valdar han og alle dei gudlege å tenkja på øydeleggjingi som han ser kjem yver landet for di folket er so uvitugt; han skildrar henne med levande drag, men held og fram at Herren ikkje vil lata landet ganga reint til grunns, 19-31.

1Um du vender um, Israel, segjer Herren, skal du få koma attende til meg, og um du hev styggetingi dine burt frå mi åsyn, skal du sleppa å flakka heimlaus ikring,

2og um du sver: So visst som Herren lever! i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i han og rosa seg av han.

14Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst! Kor lenge skal dine syndige tankar bu i ditt brjost?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help