1. Kongebok 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Israel vil kåra Rehabeam, son åt Salomo, til konge yver seg, dersom han vil letta dei tunge byrdene som far hans hadde lagt på dei; men dei unge rådgjevarane hans fær han til å gjeva eit hardt svar, og då fell dei ti ættene frå han, steinar sendemennene hans og tek Jeroboam til konge, 1-20. Rehabeam vil tvinga dei til å bøygja seg, men etter Guds fyresegn gjenom profeten Semaja let han det vera, 21-24. Jeroboam bur i Sikem; men han lagar tvo gullkalvar og set dei i Betel og Dan, skipar ei ny høgtid og vel prestar i fleng; alt dette gjer han so folket ikkje skal falla frå han att, 25-33.
1Rehabeam for til Sikem; for heile Israels-lyden var kome dit og skulde kåra han til konge.
33og han ofra på det altaret han hadde bygt i Betel - det var femtande dagen i den åttande månaden, den månaden han hadde valt etter eige hovud. Då skipa han ei høgtid for Israels-borni og ofra på altaret og brende røykjelse.