Sakarja 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Men no vil Herren atter taka seg av Israel, føra attende dei som er spreidde, vera deira Gud, bu hjå dei og signa dei rikleg, 1-15. Men då må Israel leggja vinn på sanning, rett og truskap, 16-17. Då skal fastedagane verta festdagar, 18-19. Mange heidningfolk og skal venda um til Herren, 20-23. Desse herlege lovnadene vert uppfyllte når Messias kjem, og i hans verk.

1Og Herren, allhers Gud, sende ordet sitt, og det lydde so:

2So segjer Herren, allhers Gud: Eg er ovleg ihuga for Sion, ja, med brennande harm er eg ihuga for det.

20So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal det verta so at heile folkeslag skal koma, ja, folk frå mange byar,

21og folket i den eine byen skal fara til den andre og segja: Kom, lat oss ganga av stad og blidka Herren og søkja han, Herren, allhers Gud! Eg vil ganga, eg og.Jes 2,3; Mi 4,2; Jer 31,6

22Og då skal det koma mange folkeslag og mannsterke heidningfolk og søkja Herren, allhers Gud, i Jerusalem og blidka Herren.

23So segjer Herren, allhers Gud: I dei dagane skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidningfolki, tek fat i kjolesnippen åt ein jødisk mann og segjer: Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Gud er med dykk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help