Jeremia 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Jeremias manar Judafolket til å venda um og åtvarar det mot falsk tillit til templet og til si utvertes gudsdyrking, som gjeng saman med alle slag grove synder; han trugar det med same lagnaden som heilagdomen i Silo og det ugudelege Israel hev fenge, 1-15. Det hjelper ikkje um profeten bed for det, for Herren vil ikkje høyra på han, av di Juda fer med so skamlaus ei avgudsdyrking, 16-20. Um folket ofrar, so kann ikkje det heller avvenda straffi; det er ikkje desse offeri Herren hev kravt av det, men at det skal høyra hans ord, og mot det hev det gjort seg hardt frå gamalt, 21-28. Folket skal verta vanda for si gudløysa, ei uteljande mengd av det skal døy, sume utan å koma i grav, og all gleda skal verta umskift til sorg, 29-34.
1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:
2Gakk og statt i porten til Herrens hus og ropa ut der dette ordet og seg: Høyr Herrens ord, alt Juda, de som gjeng inn gjenom desse portane og vil tilbeda Herren!
30For Juda-borni hev gjort det som eg mislikar, segjer Herren; dei hev sett sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, og sulka det.