1Då alt folket var kome vel yver Jordan, då tala Herren soleis til Josva:
2Vel dykk ut tolv menner av folket, ein or kvar ætt,Jos 3,12
3og seg til dei at dei skal taka upp tolv steinar av dei som ligg her midt i Jordan, på den staden der prestane stend stille; desse steinane skal dei bera med seg yver og leggja dei ned der som de kjem til å lægra dykk i natt.
4Då kalla Josva til seg dei tolv mennene som han hadde kåra ut millom Israels-borni, ein or kvar ætt,
5og sa til dei: Far fyre paktkista åt Herren dykkar Gud, til de kjem midt ut i Jordan! Der skal de taka kvar sin stein upp på herdi, etter talet på Israels-ættene.
6Dei steinane skal vera til eit teikn hjå dykk. Når borni dykkar ein gong spør: Kva tyder det at desse steinane stend her?
7då skal de svara: Jordanvatnet kløyvde seg framfyre paktkista åt Herren; då ho for ut i Jordan, kløyvde vatnet seg; og desse steinane skal for Israels-borni vera til eit æveleg minne um dette.Jos 3,16
8Israels-borni gjorde som Josva sa; dei tok midt uti Jordan tolv steinar, etter talet på Israels-ættene, soleis som Herren hadde sagt til Josva, og bar dei med seg yver til nattlægret og la dei ned der.
9Og midt i Jordan, der dei prestane som bar paktkista, stod, reiste Josva upp tolv andre steinar; dei hev stade der til denne dag.
10Prestane som bar paktkista, vart standande midt i Jordan, til det var gjort alt det som Herren hadde sagt til Josva at han skulde tala til folket um, etter alle dei fyresegnene som Moses hadde gjeve Josva. Og folket skunda seg yver.Jos 3,17
11Då no alt folket var kome vel fram, for Herrens paktkista og prestane og yver og tok att romet sitt framanfor folket.
12Og Rubens-borni og Gads-borni og helvti av Manasse-ætti for fullvæpna fyre dei andre Israels-borni, soleis som Moses hadde sagt til dei;4 Mos 32,21.29
13dei var um lag fyrti tusund herbudde menner som for Herrens åsyn drog fram til strid på Jerikomoane.
14Den dagen gjorde Herren Josva stor framfor augo åt heile Israel, og sidan bar dei age for han so lenge han levde, liksom dei hadde bore age for Moses.Jos 3,7
15So sa Herren til Josva:
16Seg til prestane som ber vitnemålskista, at dei skal stiga upp or Jordan!
17Og Josva sa til prestane: Stig upp or Jordan!
18Og med same prestane som bar Herrens paktkista, steig upp or Jordan og so vidt hadde sett foten på turre strandi, då kom åi veltande att i faret sitt og gjekk yver breddene alle stader, som ho fyrr hadde gjort.Jos 3,15-17
19Det var tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig upp or Jordan. Dei lægra seg attmed Gilgal, lengst aust i Jerikobygdi.Jos 5,9
20Og der i Gilgal reiste Josva dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan.Jos 4,8
21Og han sa til Israels-borni: Når borni dykkar ein gong spør federne sine: Kva er dette for steinar?
22so skal de fortelja dei det og segja: Israels-folket gjekk turrskodde yver Jordan her,
23av di Herren dykkar Gud turka ut åi framfyre dykk medan de gjekk yver, liksom han turka ut Raudehavet for oss då me for yver det,2 Mos 14,21-31
24so alle folkeslag på jordi skal sjå at Herrens hand er sterk, og de alle dagar skal ottast Herren dykkar Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.