1So heldt Josias påskehelg for Herren i Jerusalem, og fjortande dagen i fyrste månaden slakta dei påskelambet.
13Påskelambet steikte dei yver elden, som fyreskrive var, og offerkjøtet koka dei i grytor og kjelar og pannor og bar det snøgt kring til heile ålmugen.
14Sidan laga dei det til åt seg sjølve og prestane; for prestane - Arons-sønene - heldt på med å ofra feittstykki av brennofferi til det leid på natti; difor laga levitane det til åt seg sjølve og prestane, Arons-sønene.
15Songarane, Asafs-sønene, stod på staden sin, soleis som David og Asaf og Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde sagt fyre, og portvaktarane ved kvar sin port; dei trong ikkje ganga frå tenesta si; for brørne deira, dei andre levitane, laga til åt dei.
16Soleis kom heile Herrens tenesta i sitt rette lag den dagen, og dei heldt påskehelg og bar fram brennoffer på Herrens altar, soleis som kong Josias hadde sagt fyre.
17Dei Israels-borni som var med, høgtida den gongen påskehelgi og usyrdebrødhelgi i sju dagar.
22Men Josias vilde ikkje draga seg attende; han klædde seg ut og vilde strida - han lydde ikkje etter Nekos ord, som kom frå Guds munn, men drog frametter til det bar i hop med dei i Megiddodalen.Sak 12,11
23Då råma bogeskyttarane kong Josias, og kongen sa til sveinane sine: Før meg burt! Eg er hardt såra.1 Kong 22,34; 2 Krøn 18,33
24So lyfte sveinane han ned av vogni og flutte han yver i ei onnor vogn som han hadde med seg, og køyrde han til Jerusalem. Der døydde han. Han vart nedsett i gravstaden åt federne sine, og heile Juda og Jerusalem syrgde på Josias.
25Jeremias kvad eit syrgjekvede um Josias, og alle songarane og songmøyane tala um Josias i syrgjekvedi sine, og det hev dei gjort til denne dag. Det vart sed i Israel å syngja desse kvedi, og dei finst uppskrivne millom syrgjekvedi.2 Sam 1,17
26Det som meir er å segja um Josias og godverki han gjorde, i samhøve med det som stend skrive i Herrens lov -
27alt som er å segja um han, frå fyrst til sist, det stend skrive i boki um Israels- og Juda-kongane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.