1Jakob vart buande i Kana'anslandet, der som far hans hadde halde til.
26Då sa Juda til brørne sine: Kva bate hev me av det at me slær bror vår i hel og dyl dråpet?
27Kom og lat oss selja han til ismaelitane og ikkje leggja hand på han; han er då bror vår, vårt eige kjøt og blod! Og brørne hans lydde han,
28og då kjøpmennene - dei var frå Midian - for framum, drog dei Josef upp or brunnen, og so selde dei Josef for tjuge sylvdalar til ismaelitane; og dei tok Josef med seg til Egyptarland.1 Mos 39,1; Sal 105,17; Apg 7,9
29So kom Ruben attende til brunnen, men då han skulde sjå, var ikkje Josef i brunnen. Då reiv han sund klædi sine,1 Mos 44,13; Jos 7,6; 1 Kong 21,27; Job 1,20; Jes 37,1
30og han gjekk attende til brørne sine og sa: Sveinen er der ikkje! Og eg, kvar skal eg no gjera av meg?
31So tok dei kjolen åt Josef og slakta ein bukk og duppa kjolen i blodet.
32Og dei sende ermekjolen heim til far sin og sa: Denne hev me funne. Sjå etter um det ikkje er kjolen åt son din!
33Og han kjende han att og sa: Jau, det er kjolen åt son min. Eit udyr hev ete han upp. Josef er ihelriven!
34Og Jakob reiv sund klædi sine og sveipte sekkety um mjødmane og syrgde yver son sin i lang, lang tid.
35Og alle sønene og døtterne hans kom og vilde trøysta han men han vilde ikkje lata seg trøysta; han sa: Med sorg og sut lyt eg fara ned til son min i nåheimen. Og faren hans gret yver han.
36Men midianitane selde han i Egyptarland, til Potifar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.