Salmane 44 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israel sannar at Herren i forne dagar hev drive heidningane ut or det landet han hadde lova federne, og gjeve det til dei, 2-4, og segjer seg for skuld dette storverket hans visse på at dei no og alltid skal vinna på alle fiendane sine med hans hjelp, 5-9. Men no hev han gjeve folket sitt i fiendehand; fiendane hev slege herane deira, herja landet deira og drege av med mange fangar, so dei hev vorte til spott for heidningfolki, 10-17, og det hev hendt endå dei ikkje er saka i noko fråfall; dei hev vore trugne mot han og lid for hans skuld, 18-23. Difor bed dei han koma dei til hjelp og fria dei ut or den trengsla dei er i, 24-27.

1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom.

2Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar.2 Mos 10,2; 5 Mos 6,20-25; Sal 78,3

3Du dreiv ut heidningane med di hand, men dei planta du; du øydde folkeslagi, men dei let du breida seg.2 Mos 15,17; 5 Mos 7,1-5; Sal 80,9.12

4For ikkje med sitt sverd tok dei landet, og deira arm gav dei ikkje siger, men di høgre hand og din arm og di åsyns ljos; for du hadde hugnad i dei.5 Mos 7,8; Jos 24,12

5Du, Gud, er min konge; byd at Jakob skal verta frelst!

6Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me trakka ned dei som reiser seg imot oss.5 Mos 33,17; Sal 60,14

7For min boge lit eg ikkje på, og mitt sverd gjev meg ikkje siger,Sal 20,8

8men du hev gjeve oss siger yver våre fiendar, og dei som hatar oss, hev du gjort til skammar.

9Gud prisar me all dagen, og ditt namn lovar me til æveleg tid. Sela.

10Og endå hev du no støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar.Sal 60,12

11Du let oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, fær seg herfang.

12Du gjev oss burt som sauer til å etast, og spreider oss ikring millom heidningane.

13Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på dei.5 Mos 32,30

14Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for dei som bur ikring oss.Sal 79,4; 89,42

15Du gjer oss til eit ordtak millom heidningane; dei rister på hovudet åt oss millom folki.Sal 109,25

16Heile dagen stend mi skam for mine augo, og blygsel breider seg yver mitt andlet,

17når eg høyrer spottaren og hædaren, når eg ser fienden og den hemngjeruge.

18Alt dette er kome yver oss, endå me ikkje hev gløymt deg og ikkje svike di pakt.

19Vårt hjarta veik ikkje attende, og våre steg sveiv ikkje ut av din veg,

20so du turvte slå oss sund der sjakalar bur, og breida oss ned i daudeskugge.

21Hadde me gløymt vår Guds namn og rett våre hender ut til ein framand gud,

22skulde Gud då ikkje ransaka det, han som kjenner hjartans løyndomar?Sal 7,10; 139,1

23Men for di skuld vert me drepne all dagen, me er rekna som slaktesauer.Rom 8,36

24Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna upp, støyt ikkje burt for all tid!

25Kvi løyner du di åsyn, gløymer vår armodsdom og vår trengsla?Sal 13,2

26For vår sjel er nedbøygd i moldi, vår lekam nedtrykt til jordi.

27Statt upp til hjelp for oss, og løys oss ut for di miskunn skuld!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help