1Dette er det ordet som kom til Jeremias um heile Juda-folket i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiasson, Juda-kongen, det er fyrste styringsåret åt Nebukadnesar, Babel-kongen,
2og som profeten Jeremias tala til heile Juda-folket og til alle Jerusalems-buane:
3Frå det trettande styringsåret åt Josias Amonsson, Juda-kongen, og alt til denne dag, no i tri og tjuge år, hev Herrens ord kome til meg, og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de vilde ikkje høyra.
27Og du skal segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Drikk til de vert drukne og spyr, og dett so de ikkje kann standa upp att - for sverdet som eg sender imillom dykk!Jer 25,15-16; 51,7
28Men vil dei ikkje taka staupet or di hand og drikka, då skal du segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Drikka skal de.
29For sjå, eg let ulukka fyrst råma den byen som er uppkalla etter mitt namn - og so skulde de sleppa urefste? Nei, de skal ikkje sleppa urefste; for sverd byd eg ut imot alle som bur på jordi, segjer Herren, allhers Gud.Jer 49,12; 1 Pet 4,17
30Og du skal kunngjera for dei alle desse profetordi og segja til dei: Herren skal bura frå høgdi og lata si røyst ljoma frå sin heilage bustad; ja, han skal stor-bura yver sitt beiteland, setja i med eit rop liksom når dei trøder vinpersa, imot alle som bur på jordi.Joel 3,21; Am 1,2; Jes 16,9-10; Jer 48,33; 51,14
31Det omar av ein dun alt til endene av jordi, for Herren hev ei tretta med folki, han gjeng til doms med alt kjøt; han let sverdet få dei ugudlege, segjer Herren.Jes 34,2; 66,16
32So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endane av jordi.
33Og dei som Herren hev drepe, skal den dagen liggja der frå eine enden av jordi til hin; ingen skal gråta yver dei eller samla dei i hop og jorda dei; til møk utyver marki skal dei verta.Jer 8,2; 9,22; 16,4
34Barma dykk, de hyrdingar, og ropa og velt dykk i moldi, de gjævingar i hjordi! For tidi til å slakta dykk er komi, og eg vil spreida dykk, og de skal detta ned liksom eit dyrverdigt kjerald.
35Då skal ikkje hyrdingane hava nokor livd lenger, og gjævingane i hjordi skal ikkje finna berging.Am 2,14
36Høyr kor hyrdingane ropar, kor gjævingane i hjordi øyar seg! For Herren øyder beitemarki deira,
37og dei fredfulle engjane vert aude for Herrens brennande vreide.
38Som ei ungløva stig han fram or si kjørr; ja, landet deira vert til ei audn for det herjande sverdet og for hans brennande vreide.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.