Jeremia 26 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I den fyrste tidi som Jojakim styrer, forkynner Jeremias i tempel-fyregarden at um folket ikkje vil venda um, skal det ganga med templet som med heilagdomen i Silo, og Jerusalem skal verta lagt i øyde, 1-6. Prestane og profetane og mange av folket tek han og vil at han skal døy, 7-9. Då hovdingane åt folket høyrer det, kjem dei frå kongsborgi til templet, og prestane og profetane klagar han for dei, 10.11. Han held fram for hovdingane og folket at det er Herren som hev bode han å tala, manar dei til å venda um og varar dei at dei ikkje må drepa han og føra skuldlaust blod yver seg og byen, 12-15. Hovdingane segjer at han er skuldlaus, og nokre av dei øvste i landet minner um at då profeten Mika hadde forkynt det same som Jeremias no, hadde Esekias vendt um til Herren og med det vendt vreiden hans frå seg, 16-19. Akikam hjelper Jeremias so han slepp å få same lagnaden som profeten Uria, som Jojakim let drepa, 20-24.

1I den fyrste tidi som Jojakim Josiasson var konge i Juda, kom dette ordet frå Herren:

2So segjer Herren: Stig fram i fyregarden til Herrens hus og tala til alle Judabyane, som kjem og vil tilbeda i Herrens hus, tala alle dei ordi som eg hev sagt du skal tala til dei! Tak ikkje undan eit einaste ord!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help