3. Mosebok 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Gud segjer til Israel at dei ikkje må ferdast på heidningvis, men lyda hans bod, 1-5; dei må ikkje søkja seng med nærskylde kvinnor, 6-17, ikkje gifta seg med tvo syster, ikkje søkja seng med ei urein kvinna eller med kona åt ein annan mann, ikkje ofra til Molok og ikkje driva unaturleg utukt, 18-23; dei må halda seg frå all sovori skjemdarferd, 24-30.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Tala til Israels-borni og seg til dei: Eg er Herren dykkar Gud.

3De skal ikkje fara åt som dei gjer i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana'anslandet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja skikkane deira.

4Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja; eg er Herren dykkar Gud.

5De skal halda lovene og bodi mine; for det mennesket som held dei, skal leva ved dei; eg er Herren.

22Du skal ikkje liggja hjå ein kar som ein ligg hjå ei kvinna; det er ein styggedom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help