Job 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Satan segjer at prøva ikkje er fullnøgjande so lenge Gud sparer Job sjølv, 1-5. Herren gjev Job i Satans vald; han plagar han med vonde svullar; kona åt Job vert utolug, men han talar henne til rettes; sjølv er han tolug endå, 6-10. Tri vener åt Job kjem og vil trøysta han; ulukka hans gjeng hardt innpå dei, 11-13.

1So hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren, og i lag med dei kom og Satan og steig fram for Herren.Job 1,6-11

2Herren spurde Satan: Kvar kjem du ifrå? Satan svara: Eg hev fare og svive ikring på jordi.

3Då spurde Herren han: Hev du gjeve ans på Job, tenaren min? For liken hans finst ikkje på jordi, so ulastande og rettvis ein mann som han er, og so som han ottast Gud og held seg frå det som vondt er. Endå er han like ulastande, so det er utan grunn du hev eggja meg til å tyna han.

4Men Satan svara Herren: Hud for hud; men ein mann gjev gjerne alt det han eig, berre han bergar livet.

5Men rett ut handi di og rør ved beini og holdet hans - då skal han so visst banna deg upp i andletet!Job 1,11

6Då sa Herren til Satan: Sjå, han er i ditt vald - berre du sparer livet hans!

7So gjekk Satan burt frå Herrens åsyn, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.

8Og Job tok seg eit skålbrot og skrapa seg med, der han sat i oskedungen.Esek 27,30; Jona 3,6

9Då sa kona hans til han: Held du deg endå like ulastande? Banna Gud og døy!

10Men han svara: Du talar som ei fåvis kvinna; skal me berre taka imot det gode av Gud og ikkje det vonde og? Trass i alt dette synda ikkje Job med lippone sine.Job 1,22

11Job hadde tri vener; då dei fekk høyra um all den ulukka som hadde råma han, kom dei kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Suah og Sofar frå Na'ama; og dei avtala seg imillom at dei skulde ganga til han og visa han samhug og trøysta han.1 Mos 36,4.10-11.34; 25,1-2.6; Jos 15,41

12Men endå medan dei var eit stykke undan, såg dei at han var reint ukjenneleg; då sette dei i og gret og reiv sund kappone sine og kasta mold upp i lufti, ned yver hovudi sine.Job 1,20; Klag 2,10

13Sidan sat dei hjå han på jordi sju dagar og sju næter, og ingen av dei sa eit ord til han; for dei såg at han pintest hardt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help