2. Kongebok 22 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Josias vert konge; han gjer det som rett er for Herren, og vøler Herrens hus, 1-7. Hilkias, øvstepresten, finn lovboki, og Safan les henne upp for kongen; kongen vert forstøkt då han høyrer kva som stend i lovboki, og sender mennene sine til Hulda, profetkvinna, og bed henne spyrja Herren, 8-14. Ho sender det bodet attende til kongen at Herren vil lata ulukka koma yver Juda, men ikkje i hans tid, 15-20.
1Josias var åtte år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i ein og tretti år. Mor hans heitte Jedida; ho var dotter åt Adaja og var frå Boskat.