Jesaja 28 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren skal snart lata ein mektig fiende (assyrarane) øyda det fagre Samaria, som dei svirande og åndeleg drukne Efra'ims-mennene er so byrge av, 1-4; so skal han verta ei pryda for dei som er att av folket, og gjeva dei rettvise domarar og veldige herkjempor, 5.6. Førarane for Juda og svirar og er åndeleg drukne; i sitt ovmod viser dei spottande frå seg Herrens ord gjenom profeten. Difor skal han tala til dei i gjerning gjenom eit framandt folk, som skal føra tyning yver dei, 7-13. Fåfengt trur dei at dei hev trygda seg mot dette med di dei hev gjort eit samband (med egyptarane); Herren skal nok frelsa dei som trur at Messias kjem, og i det ser ei trygd for at Guds folk ikkje skal ganga til grunns, men voni åt dei vantruande spottarane skal verta til skammar; for Herren vil heimsøkja folket med ein straffedom lik den som kom yver fiendane deira i gamle dagar; held dei ved og spottar, vert straffi endå hardare, 14-22. Men dei truande skal ikkje ottast; for Gud straffar ikkje alltid; når straffi hev verka det ho skulde, let han sin nåde fylgja etter; han straffar ikkje heller alle like hardt, og jamvel dei han straffar hardast, gjer han ikkje reint til inkjes, 23-29.

1Usæl den stolte kruna åt dei drukne mennene i Efra'im og den folnande blomen, den fagre prydnaden, som brikjer yver den feite dalen, der dei ligg drukne av vin.

2Sjå, Herren sender ein som er sterk og veldig, lik ein hagl-eling, ein øydande storm; lik eit fløde av veldige, yverfløymande vatn slær han alt til jordi med makt.

3Med føter skal ho verta nedtrakka, den stolte kruna åt dei drukne mennene i Efra'im,

7Men ogso dei som er her, ragar av vin og sjanglar av sterk drykk. Prest og profet ragar av sterk drykk, er dauddrukne av vin, sjanglar av sterk drykk. Dei ragar når dei hev syner, dei sjanglar når dei dømer;

8for alle bordi er fulle av ufyseleg spy, det finst ikkje ein rein flekk.

9Kven er det han vil læra kunnskap, og kven er det han vil få til å skyna bodskapen sin? Er det born som nett er avvande, tekne frå brjostet? /

10For gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her og noko der.

11Ja vel, ved folk med stamande lippor og i eit framandt tungemål skal han tala til dette folket,

17Og eg vil gjera rett til mælesnor og rettferd til lodd, og hagl skal riva burt lygnlivdi, og skylet skal vatnet skylja burt.

18Og dykkar avtale med dauden skal verta stroken, og dykkar samband med helheimen skal ikkje standa fast; når den susande svepa fer fram, skal de verte nedtrakka.Jes 28,15

19Kvar gong ho fer fram, skal ho riva dykk burt; kvar morgon skal ho fara fram, både dag og natt, og den reine skræma vert det når de skynar bodskapen;

20for sengi er for stutt til å strekkja seg i og åklædet er for smalt til å sveipa seg i.

21For Herren skal reisa seg liksom ved Perasimfjellet, han skal harmast liksom i dalen ved Gibeon; Han skal gjera sitt verk, eit underleg verk, han skal gjera sitt arbeid, eit sjeldsynt arbeid.2 Sam 5,20.25; 1 Krøn 14,11.16; Jos 10,12

22Og no, lat vera med å spotta, so bandi dykkar ikkje skal verta stramare! For um øyding og fastsett straffedom yver heile jordi hev eg høyrt frå Herren, Israels Gud, allhers Gud.Jes 10,23; Rom 9,28

23Vend øyra til og høyr mi røyst, gjev gaum og høyr kva eg segjer!

24Når plogmannen vil så, held han då stødt på med å pløgja og fora og horva si jord?Fork 3,1

25Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då dylla og karve og sår kveite i rader og bygg på den avmerkte staden og spelt i kanten?

26Hans Gud hev synt han den rette måten, han lærde han det.

27For ein treskjer ikkje dylla med treskjeslede, rullar ikkje vognhjul yver karve; men med stav bankar ein dylla og karve med kjepp.

28Vert vel brødkorn krasa? Nei, ein treskjer det ikkje stødt, og når ein driv sine vognhjul og sine hestar yver det, so knusar ein det ikkje.

29Ogso dette kjem frå Herren, allhers Gud. Han er underfull i råd, stor i visdom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help