1Efra'imitane baud ut mannskapet sitt og for nordetter, og dei sa til Jefta: Kvi sende du ikkje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitane? No vil me setja eld på huset du bur i.Dom 8,1
2Då sa Jefta til dei: Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitane; då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei;
3og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet og for imot ammonitane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg?
4So samla han alle Gileads-mennene og stridde mot Efra'im. Og Gileads-mennene hogg efra'imitane ned; for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efra'im! Gilead ligg midt i Efra'im, midt i Manasse.
5Dei stengde vadi yver Jordan for efra'imitane, og kvar gong det kom ein efra'imit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: Er du efra'imit? Han svara: Nei.
6Då sa dei til han: Seg sjibbolet! Men han sa sibbolet; for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei han og drap han innmed Jordanvadi. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efra'ims-ætti.
7Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead og vart gravlagd i ein av Gileadsbyane.
8Etter han var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.
9Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år.
10So døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.
11Etter han var Elon av Sebulons-ætti domar i Israel. Han styrde Israel i ti år.
12So døydde Elon av Sebulons-ætti og vart gravlagd i Ajalon i Sebulonslandet.
13Etter han var Abdon Hillelsson frå Piraton domar i Israel.
14Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år.
15So døydde Abdon Hillelsson frå Piraton og vart gravlagd i Piraton i Efra'imsland, på Amaleksfjell.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.