1Året etter, ved det leitet kongane plar fara i herferd, sende David Joab av stad med mennene sine og heile Israels-heren, og dei herja Ammonitarlandet og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.
5Kvinna vart med barn og sende bod um det til David med dei ordi: Eg er umhender.
6Då sende David sovore bod til Joab: Send Uria, hetiten, hit til meg! Og Joab gjorde som kongen hadde sagt.
7Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og herfolket, og korleis det gjekk i striden.
8So sa han: Gakk no heim og två føtene dine, Uria! Og då Uria gjekk ut or kongshalli, vart ein rett frå bordet åt kongen boren etter han.
9Men Uria la seg til i slottsporten, der alle sveinane åt herren hans låg; han gjekk ikkje heim til sitt eige hus.
10Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gjenge heim til seg sjølv, sa han til han: Kjem du ikkje rett no frå ei ferd, Uria? Kvifor hev du då ikkje gått heim til ditt eige hus?
11Uria svara: Kista og Israel og Juda bur i lauvhyttor, og Joab, hovdingen min, og mennene hans ligg i læger på opi mark; og so skulde eg ganga inn i huset mitt og eta og drikka og liggja hjå kona mi! So visst som du lever, so visst som di sjel lever: Det gjer eg ikkje!1 Sam 4,4
12Då sa David: Ver no her i dag og, Uria! I morgon sender eg deg av stad att. So vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter.
13David bad han til seg. Dei åt og drakk saman, og David skjenkte han til han vart drukken. Men um kvelden gjekk han ut og la seg i lega si hjå kongssveinane; heim til huset sitt gjekk han ikkje.
14Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.
15I brevet stod desse ordi: Set Uria lengst framme, der striden er hardast, og drag dykk so attende frå han, so han kjem i berrhogget og vert drepen!
16Med di no Joab låg på vakt kringum byen, sette han Uria på ein stad der han visste det var djerve karar innanfor.
17Um eit bel gjorde bymennene utrenn og tok på Joab. Då fall nokre av herfolket - av mennene hans David - og Uria, hetiten, miste og livet.
18Då Joab sende tidend til David um alt som hadde hendt i striden,
19sa han sa til mannen som skulde bera fram tidendi: Når du vel hev fortalt kongen korleis alt gjekk for seg i striden,
20og han so kann henda fyk upp og segjer: Kvifor gjekk de so nær innåt byen i striden? De måtte då vita at dei vilde skjota ovantil muren!
21Kven var det som felte Abimelek, son åt Jerubbeset? Var det ikkje ei kvinna som kasta ein kvernstein ned på han frå Tebesmuren, so han døydde? Kvifor drog de då so nær innåt muren? - so skal du segja: Ein av dei som let livet, var Uria, hetiten, tenaren din.Dom 9,53
22So tok mannen ut og kom til David med den tidendi Joab hadde sendt han med;
23han sa: Karane vann på oss og drog ut på marki imot oss; men me gjekk på dei og dreiv dei attende til byporten.
24Då skaut bogeskyttarane på oss ovantil muren, og nokre av mennene dine, konge, vart drepne. Ein av dei som laut lata livet, var Uria, hetiten, tenaren din.
25Då sa David til mannen som var komen med tidendi: Seg Joab frå meg at han ikkje skal taka seg dette nær! For sverdet øyder so ein, so hin. Han skal berre herda på og kringsetja byen, til han fær rive han ned. Bed du han vera hugheil!
26Då kona hans Uria høyrde at mannen hennar var fallen, øya og gret ho yver husbonden sin.
27Men då syrgjetidi var ute, sende David bod etter henne og flutte henne heim til seg. Ho vart kona hans, og han fekk ein son med henne. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens augo.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.