1Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremias um filistarane, fyrr Farao hertok Gasa.Jes 14,29-30; Esek 25,15-17; Am 1,6-8; Sef 2,5-15; Sak 9,5-7
2So segjer Herren: Sjå, vatn stig upp nordantil og vert til ei elv som fløder yver, og det fløder yver landi og alt som i dei er, byane og dei som i dei bur. Menneski skrik, og alle som bur på jordi, barmar seg;Jer 46,8
3når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når vognene hans ramlar, når hjuli hans dundrar, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er deiJer 4,13
4for den dagen skuld som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle som er undankomne og kunde hjelpa; for Herren tyner filistarane, dei som att er frå Kaftorøyi.
5Fleinskalla hev Gasa vorte, tagna er Askalon, det som er att av låglandet deira; kor lenge vil du rispa deg i holdet?Jer 16,6
6Ai ei! Du Herrens sverd, kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg inn att i slira di, kvil deg og ver still!
7Kor kann du halda deg i ro, når Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til havstrandi, dit hev han stemnt det.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.