5. Mosebok 17 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses byd at dei ikkje må ofra dyr som hev noko lyte, 1, at dei som driv avgudsdyrking, skal lata livet, 2-7, og at domarane i dei israelitiske byane skal rådspyrgja prestane og domarane på den staden der Herren bur, når det gjeld vande saker, 8-13; han gjev lover um kongeval og dei pliktene ein konge hev, 14-20.

1Du skal ikkje ofra til Herren din Gud ein ukse eller sau som hev noko lyte eller mein; for det er ein styggedom for Herren din Gud.5 Mos 15,21; 3 Mos 22,20-25

2Finst det i nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg, ein mann eller ei kvinna av lyden som gjer det Herren din Gud mislikar, og bryt pakti hans,5 Mos 13,6-11

3og tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar og tilbed dei eller soli eller månen eller heile himmelheren,5 Mos 4,19

4og dette vert sagt deg, og du fær høyra um det, so skal du granska saki vel; og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at slikt skjemdarverk er gjort i Israel,

5då skal den mannen eller kvinna som hev gjort det brotet, førast ut til tingstaden og steinast i hel, anten det er mann eller kvinna.2 Mos 22,20

6Etter vitnemål frå tvo eller tri mann lyt den vera dømd som skal lata livet; han skal ikkje missa livet etter ein manns vitnemål.5 Mos 19,15; 4 Mos 35,30

7Vitni skal fyrst lyfta handi til å drepa han, og sidan heile folket. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

8Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak eller ei rettstretta eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i byane dine, so skal du gjera deg reidug og fara upptil den staden som Herren din Gud vel seg ut.

9Der skal du ganga til Levi-prestane og til den domaren som då er, og spyrja deg fyre, og dei skal segja deg korleis domen retteleg skal vera.

10Og du skal fylgja den fyresegni dei gjev deg på den staden som Herren vel seg ut; du skal i alle måtar gjera soleis som dei lærer deg.

11Den lovi dei lærer deg, og den domen dei segjer deg, skal du halda deg etter og ikkje vika av frå det dei segjer deg fyre, korkje til høgre eller til vinstre.

12Men den mannen som er so vyrdlaus at han ikkje vil høyra på presten, som stend det i Herrens tenesta, eller på domaren, den mannen skal døy. Soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

13Og heile folket skal høyre det og ottast, so dei ikkje fer so vyrdlaust åt meir.

14Når du kjem inn i det landet som Herren din Gud gjev deg, og hev lagt det under deg og fest bu der, og du då kjem på at du vil setja ein konge yver deg, liksom alle folki rundt ikring deg,1 Sam 8,5-9

15so skal du taka til konge yver deg den som Herren din Gud kårar ut. Ein av brørne dine skal du taka til konge; du må ikkje taka ein framand, ein som ikkje er bror din.

16Men han skal ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann få seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: Den vegen skal de ikkje fara meir!1 Kong 10,28; Jes 31,1.3; 5 Mos 28,68

17Og han skal ikkje taka seg mange konor, so hugen hans kjem på avveg. Ikkje heller skal han draga i hop mykje sylv og gull.1 Kong 11,1; 10,21.27

18Når han hev stige upp på kongsstolen, skal han få denne lovi hjå Levi-prestane og få henne avskrivi åt seg i ei bok;5 Mos 31,24-30

19og den skal han hava hjå seg og lesa i alle sine levedagar, so han kann læra å ottast Herren sin Gud og akta på alle desse lovbodi og fyresegnene og leva etter dei,

20og so han ikkje skal ovmoda seg yver brørne sine og vika av ifrå bodet, korkje til høgre eller vinstre; då skal han leva lenge i riket sitt i Israel, både han og sønene hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help