Hebrearane 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Lesarane fær påminning um å halda fast ved trui på Guds ord i evangeliet, so dei fær ganga inn til den kvila som Gud hev ferdig, og som det endå er ope tilgjenge til, 1-10. Men ålvor og trott må det til; for Guds ord er levande og kraftigt og dømer alt, jamvel dei løyndaste tankar, og Gud er ein allvitande domar som ingen kann løyna seg for, 11-13. Dei må halda fast ved si kristne vedkjenning; for me hev ein stor øvsteprest, som kann gjeva oss hjelp, og som er viljug til å gjera det, for di han hev levt i dei same kåri som me, men utan synd, 14-16.

1Lat oss difor taka oss i vare for at nokon av dykk skal synast å verta standande etter, sidan ein lovnad um å koma inn til hans kvila endå stend att.

2For fagnadbodet er og forkynt oss, liksom for hine; men ordet dei høyrde, gagna ikkje dei, av di det ikkje ved trui var sameina med dei som høyrde det.

3For me som er komne til trui, me gjeng inn til kvila, etter det som han hev sagt: So svor eg i min vreide: Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila - endå gjerningane var fullførde alt sidan verdi var grunnlagd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help