Johannes 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jesus mettar 5.000 mann i øydemarki, 1-15, gjeng på sjøen, 16-21, talar i Kapernaum um at han er livsens brød, 22-59. Mange av læresveinane hans støyter seg på talen hans, 60-66, men på vegner av dei tolv apostlane sannar Peter si tru, 67-69. Jesus segjer fyreåt at Judas skal svika han, 70.71.

1Sidan for Jesus burt til hi sida av Galilea- eller Tiberiassjøen.

2Og det fylgde han mykje folk, av di dei såg teikni han gjorde på dei sjuke.

3Men Jesus gjekk upp i fjellet, og der sette han seg med læresveinane sine.

4Det leid då mot påskehelgi åt jødane.

5Som no Jesus såg upp og vart var at det kom mykje folk til han, segjer han til Filip: Kvar skal me kjøpa brød, so desse folki kann få seg mat?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help