1Striden millom Sauls-ætti og Davids-ætti vart drjug, og David vart sterkare og sterkare, men Sauls-ætti veikare og veikare.
4Den fjorde, Adonja, var son åt Haggit. Den femte heitte Sefatja og var son åt Abital.1 Kong 1,5-6
5Den sette heitte Jitream; mor hans heitte Egla; ho og var kona åt David. Desse sønene fekk David i Hebron.
6Medan striden stod på millom Sauls-ætti og Davids-ætti, studde Abner Sauls-ætti.
7No hadde Saul havt ei fylgjekona som heitte Rispa Ajasdotter. So var det ein gong Isboset sa til Abner: Kvifor hev du halde deg med fylgjekona åt far min?
8Då Abner fekk høyra slike ord av Isboset, vart han harm og sa: Er eg ein hundehaus som held med Juda? Den dag i dag gjer eg vel mot ætti åt Saul, far din, mot brørne og venene hans; eg hev verna deg so du ikkje skulde falla i hendene på David, og so gjev du meg no lastord for denne kvinna skuld!
9Gud late Abner bøta både no og sidan um eg ikkje gjer det for David som Herren hev lova han,2 Sam 19,13
10og tek kongedømet frå Sauls-ætti og reiser Davids kongsstol yver både Israel og Juda, frå Dan til Be'erseba.
11Og Isboset torde ikkje svara eit ord, so redd var han Abner.
12So sende Abner nokre menner til David; dei skulde bera bod frå han og segja: Kven er det som eig landet? So skulde dei segja: Gjer samband med meg, so skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å ganga yver til deg.
13David svara: Det er vel; eg skal gjera samband med deg; berre ein ting krev eg av deg: at du ikkje kjem for augo mine utan du hev med deg Mikal Saulsdotter.
14So sende han bod til Isboset Saulsson med dei ordi: Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med huveholdi av hundrad filistarar!1 Sam 18,27
15Då sende Isboset bod og henta henne hjå Paltiel La'isson, mannen hennar.1 Sam 25,44
16Mannen fylgde med og gjekk gråtande etter henne alt til Bahurim; men Abner sa til han: Gakk din veg! Hav deg heim att! Då for han heim att.
17Medan hadde Abner tala med styresmennene i Israel og sagt: Alt lenge hev de ynskt dykk David til konge.
18So lat han no verta det! For Herren hev sagt um David: Det er David, tenaren min, eg vil lata frelsa Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.
19Sameleis hadde han tala med Benjamins-borni og, og no for han til Hebron og vilde fortelja David kva Israel og heile Benjamins-ætti hadde rådd seg til å gjera.
20So kom då Abner til Hebron, til David, med eit fylgje på tjuge mann. David gjorde eit gjestebod for han og dei mennene som var med han,
21og Abner sa til David: No vil eg fara i veg og stemna heile Israel saman til deg, herre konge, so dei kann gjera samband med deg. Sidan kann du råda so vidt som du vil. So gav David han heimlov, og han for sin veg i fred.
22Best det var, kom Davids-sveinane og Joab heim frå ei herjeferd og hadde mykje herfang med seg. Abner var då ikkje lenger i Hebron hjå David, av di David hadde gjeve han heimlov, og han hadde fare sin veg i fred.
23Men vel Joab var heime att med heile herflokken sin, kom folk og sa til han: Abner Nersson hev vore hjå kongen, og kongen let han fara sin veg i fred.
24Då gjekk Joab inn til kongen og sa: Kva hev du gjort? Eg høyrer Abner hev vore hjå deg; kvifor let du han då fara sin veg?
25Du kjenner då Abner Nersson! Han kom berre av di han vilde narra deg og for å få greida på alt du tek deg fyre, og alt du tenkjer å gjera.
26Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menner av stad etter Abner. Dei nådde han att ved Sirabrunnen og fekk han til å snu; men det visste ikkje David.
27Då so Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides midt inn i porten og lest vilja tala med han i løynd. Der rende han sverdet inn i buken hans og drap han - han vilde hemna blodet åt Asael, bror sin.2 Sam 20,10; 2,23
28Um eit bel fekk David høyra det som var hendt. Då sa han: Det veit eg for visst at Herren aldri vil halda meg og kongedømet mitt saka i blodet åt Abner Nersson.
29Gjev det må koma att yver Joab og heile ætti hans! Gjev det aldri i Joabs hus må vanta nokon som hev flod eller spillsykja, eller som gjeng med krykkja, eller som fell for sverdet eller som er matlause.2 Kong 5,27
30Soleis drap Joab og Abisai, bror hans, Abner, for di han hadde felt Asael, bror deira, ved Gibeon i striden.
31Men David sa til Joab og alt folket som var med han: Riv sund klædi dykkar, sveip dykk i sekk og gakk øyande og jamrande fyre båri åt Abner! Sjølv gjekk kong David etter båri.
32So bar dei Abner til gravi i Hebron. Kongen gret høgt ved gravi hans, og alt folket gret.
33Og kongen laga et syrgjekvede um Abner og kvad: Laut då Abner døy som ein niding døyr?2 Sam 1,17
34Med ubundi hand, utan lekkja um fot, som når einkvar fall for farkehand, fall du. - Og alt folket heldt ved og gret yver han.
35Sidan kom alt folket og vilde få David til å taka mat til seg fyrr dagen leid til ende; men han svor: Gud late meg bøta både no og sidan um eg smakar mat eller noko anna fyrr soli hev gladt!
36Og alt folket forstod det og lika det godt; alt det kongen gjorde, lika folket godt.
37Den dagen skyna alt folket og heile Israel at det ikkje var kongen som valda at Abner Nersson vart drepen.
38Og kongen sa til hirdmennene sine: De veit vel at ein hovding og stor mann er fallen i Israel i dag.
39Men eg er enno veik og berre salva til konge, og desse karane, Seruja-sønene, er sterkare enn eg. Herren late den som gjer vondt, få lika for det vonde han gjer!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.