Job 40 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I ein ny tale spør Herren Job um han - so framt han endå vil lasta Guds rettferd - kann taka på seg å styra verdi og syna si makt med di han audmykjer alle ovmodige og ugudlege, slik som Gud gjer; då skal Gud sjølv prisa han, 1-9. Han skildrar dei sterkaste av alle dei dyr han hev skapt, elvhesten og krokodillen, og kor maktlaust mennesket er mot dei, so Job skal sjå hans storvelde endå betre, 10-28.

1Og Herren svara Job or stormen og sa:

2Spenn beltet på deg som ein mann! So vil eg spyrja deg, og du skal læra meg.

11Sjå for ei kraft i lendene, for styrke i hans bukmusklar!

12Han strekkjer halen som ein seder; lårsenane er samantvinna.

13Hans knokar er som koparrøyrer, hans bein som stenger utav jarn.

14Han er det fremste av Guds verk; av skaparen fekk han sitt sverd.

15Fjelli gjev av seg fôr åt han, og alle villdyr leikar der.

16Han kviler under lotusbuskor og ligg i livd av røyr og sev.

17Lotusbuskor gjev han tak og skugge, og piletrei attmed bekken hegnar han.

18Gjeng elvi strid - han ottast ikkje; trygg er han um so sjølve Jordan kjem fossande imot hans gap.

19Tru nokon tek han so han ser det, og dreg ei snara gjenom nosi hans?

20Tru du kann draga Leviatan upp med krok og tvinga tunga hans med snøre?

21Kann du få sett ei sevlina i nosi hans, bora ein krok igjenom kjaken hans?

22Tru han vil beda mykje for seg eller tala mjuke ord til deg?

23Tru han vil gjera samband med deg, so han vert trælen din for alltid?

24Kann du vel leika med han liksom med ein fugl og halda han i band til gjenteborni dine?

25Skal tru eit fiskarlag kann kjøpslå um han, stykkja han ut imillom kræmarane?

26Kann du vel fylla hudi hans med spjot og like eins hans hovud med harpunar?

27Ja, prøv å leggja hand på han! Den striden kjem du til å minnast og gjer det ikkje ein gong til!

28Nei, den som vågar slikt, lid vonbrot; berre han ser han, stuper han i koll.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help