Jesaja 14 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Babel skal falla, av di Herren vil miskunna sitt folk, fria det ut or trengsla og føra det attende til heimlandet, 1.2. Det utløyste Israel skal då syngja ei spottevisa yver Babel-kongen, av di det no er slutt med hans valdsherredøme yver alle folk; han som i sitt ovmod vilde vera Gud lik, skal fara ned i helheimen, liket hans skal ikkje koma i jordi, og ætti hans skal verta utrudd, 3-21. Til slutt tek profeten uppatt spådomen um at Babel skal verta heiltupp øydelagt, 22-23. - Det skal ganga som Herren hev tenkt: assyrarane skal falla i det heilage landet, og Guds folk skal verta fria frå åket deira, 24-27. - Filistarane, som fegnast av di dei hev kasta Israels åk av seg, skal koma under det att, og stor naud skal koma yver dei; men Israel, som hev vore trælka so hardt, skal få det godt, 28-30. Dei skal og verta tukta av ein øgjeleg fiende frå nord (assyrarane); men Israel er trygt, av di Gud held si hand yver det, 31.32.
1For Herren skal miskunna Jakob og endå ein gong velja ut Israel og lata dei setja bu i landet deira; og utlendingar skal sameina seg med dei og halda seg til Jakobs hus.
30Dei armaste av dei arme skal finna rikleg føda, og dei fatige få kvila i trygd; men di rot skal eg drepa med hunger, og leivningen av deg skal han slå i hel.
31Jamra deg, du port! Øya deg, du by! Skjelv av redsla, alt Filistarland! For nordantil kjem ein røyk, og i fiendeskarane er det ingen som ligg etter.