Hosea 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Etter påbod frå Herren kjøper profeten og gifter seg med ei kvinna som er utru mot mannen sin, endå han elskar henne; han held henne i lang tid burte frå alt samkvæme med seg sjølv og med andre menner. Med dette vil Herren hava sagt at Israel, som han hev kjøpt fri frå trældomen i Egyptarland og teke upp i si pakt, men som hev lønt kjærleiken hans med å tena framande gudar, ei lang tid skal leva både utan samfund med han og utan avgudsdyrking, 1-4. Men i dei siste dagar skal det venda um til Herren og til sin rette konge (Davids son, Messias), 5.

1Og Herren sa til meg: Gakk ein gong til stad og elska ei kvinna som er elska av venen sin og endå driv hor, liksom Herren elskar Israels-borni, men dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkakor!

2Då kjøpte eg meg ei slik kvinna for femtan sylvsekel og ein homer bygg og ein letek bygg.

3Og eg sa til henne: I lang tid skal du no sitja åleine og ikkje få driva hor eller hava med nokon annan mann å gjera; og eg skal bera sameleis åt imot deg.

4For i lang tid skal Israels-borni sitja utan konge og hovding, utan offer og biletstein, utan messehakel og husgudar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help