1No bar det so til at då Sanballat og Tobias og arabaren Gesem og dei andre uvenene våre fekk spurt at eg hadde bygt upp att muren, og at det ikkje fanst nokon brest i han meir - berre at eg til den tid ikkje hadde sett inn dører i portane -Neh 2,19
2då sende Sanballat og Gesem bod til meg med dei ordi: Kom, lat oss møtast i ein av landsbyane i Onodalen! Men dei tenkte berre på å gjera meg vondt.Sal 21,12
3Eg sende bod attende til dei og svara: Eg held på med eit stort arbeid og kann ikkje koma dit ned. Skulde kann henda arbeidet stogga av di eg slepte det or hendene og drog ned til dykk?
4Fire gonger sende dei same bodet til meg, og kvar gong svara eg dei på same vis.
5Femte gongen sende Sanballat sveinen sin til meg med same bodet, og han hadde eit ope brev med seg.
6Der stod skrive: Det gjeng det ordet millom folki - og Gasmu segjer det same - at du og jødane tenkjer på å gjera uppreist; difor er det du byggjer upp att muren; og du skal verta kongen deira, etter som røda gjeng.
7Du skal jamvel ha sett nokre profetar til å ropa ut um deg i Jerusalem at du er konge i Juda. Desse rødone kjem nok snart attfor kongen; so kom no og lat oss samrådast!
8Då sende eg bod til han med dei ordi: Slikt som det du talar um, hev ikkje hendt; det er noko du hev funne på sjølv.
9For dei la seg alle ut um å skræma oss - dei tenkte at me då skulde verta trøytte og halda upp med arbeidet, so det ikkje vart fullført. Men styrk no du hendene mine!
10Ein dag kom eg inn til Semaja, son åt Delaja Mehetabelsson, medan han heldt seg heime i huset sitt. Då sa han: Lat oss ganga saman inn i Guds hus, inst inn i templet, og lat oss stengja dørene til templet! For dei kjem og vil drepa deg - i denne natt kjem dei og vil drepa deg.
11Men eg svara: Skulde ein mann som eg røma? Og korleis kunde ein mann som eg ganga inn i templet og endå få leva? Eg gjeng ikkje inn.
12Eg skyna vel at det ikkje var Gud som hadde sendt han, men at han las denne spådomen yver meg av di Tobias og Sanballat hadde leigt han til det.
13Det hadde dei gjort med den tanken at eg skulde verta redd og gjera som han sa, og forsynda meg, so dei kunde få sett eit uord på meg og føra spott og skam yver meg.
14Kom Tobias og like eins Sanballat i hug, min Gud, for desse gjerningane hans, og like eins Noadja, profetkvinna, og dei hine profetane som la seg ut um å skræma meg!Sal 74,22-23
15Muren vart fullførd den fem og tjugande dagen i elul månad, etter tvo og femti dagar var lidne.
16Då alle uvenene våre fekk høyra det, og alle folki som budde ikring oss, fekk sjå det, då minka dei mykje i sine eigne augo, og dei skyna at det var med hjelp frå vår Gud dette verket var gjort.
17I same tidi skreiv og stormennene i Juda ei mengd med brev som gjekk til Tobias, og frå Tobias kom det brev attende til dei.
18For mange Juda-menner var i svore samband med han; sjølv var han måg til Sekanja Arahsson, og Johanan, son hans, hadde teke dotter åt Mesullam Berekjason til kona.Neh 3,30
19Dei nemnde og jamt for meg kor mykje godt det var med han, og mine ord bar dei allstødt atti han. Tobias sende brev og for å skræma meg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.