Job 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Job klagar av di menneskelivet og serleg hans eige liv er so fullt av usæla; lidnigane gjev han ingi ro, og livet hans kverv utan von, 1-6. Han bed Gud miskunna han medan han endå lever, 7-10. Han klagar sårt av di Gud fer so hardt med han at han lyt ynskja seg dauden framfor eit sovore liv, 11-16. Han skynar ikkje kvifor Gud vil plaga eit vesalt menneske soleis for di det hev synda, og ikkje heller lata det få tilgjeving, 17-21.

1Eit hermannsliv er livet åt ein mann på jordi, hans dagar er som dagane åt leigekaren.

2Liksom ein træl som lengtar etter skugge, og lik ein leigekar som ventar på si løn,

3so fekk eg månader med naud i eige, og mødefulle næter vart min lut.

4Eg segjer når eg gjeng til kvile: Når skal eg då få standa upp? Og lang vert kvelden, og eg trøytnar av di eg ligg uroleg alt til dagsprett.

5Min kropp er klædd med makk og skitne skorper, og hudi skrukkast og bryt upp att.Job 2,7; Sal 39,12

6Mi tid fer snøggare enn skutelen og kverv burt utan nokor von.Sal 90,9-10; 102,12; Jes 38,12

7Kom i hug: Mitt liv er som ein pust; mitt auga fær ikkje sjå lukka meir.Job 9,25; Sal 78,39

8Den som no ser meg, skal ikkje få auga på meg meir; når augo dine leitar etter meg, so finst eg ikkje lenger.

9Ein skydott kverv og fer sin veg; so er det og med den som fer til helheim - han kjem ikkje attende derifrå,

10han vender ikkje heim att til sitt hus, og staden hans veit ikkje av han meir.Job 8,18; Sal 103,16

11Difor vil eg no ikkje leggja band på munnen, men tala i min djupe hugverk og klaga i mi såre sjelenaud.Job 10,1

12Er eg eit hav eller eit sjøtroll, med di du set ut vakt imot meg?

13Eg tenkjer: Eg finn trøyst i sengi, mitt lægje lettar nok mi sut -

14då skræmer du meg upp med draumar og støkkjer meg med ville syner,

15so sjeli mi vil heller verta kjøvd - ja, heller døy enn vera slik ei beingrind!

16Eg er leid av dette; eg lever ikkje æveleg; lat meg vera, for mine dagar er ein pust.Job 10,1; Jona 4,3; 1 Kong 19,4

17Kva er vel mannen, at du vyrder han so mykje og retter dine tankar på han,

18at du heimsøkjer han kvar morgon og prøver han kvar augneblink?

19Kor lenge skal det vara fyrr du vender augo frå meg? Vil du då ikkje sleppa meg til eg fær svelgja råken?Sal 39,14

20Hev eg gjort synd, kva gjorde eg då deg, du som på mannen vaktar? Kvi hev du valt meg ut til skiva, so eg no er meg sjølv ei byrd?Job 35,6

21Kvi gjev du ikkje brotet til og tek misgjerningi mi burt? For no lyt eg snart leggja meg i moldi, og når du leitar, er eg ikkje meir.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help