Ordtaka 28 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Rettferdige og urettferdige, 1.12.28; ideleg kongeskifte er straff for det eit land hev synda, 2; den fatige valdsherren, 3; kven den ugudlege hev til ven og motstandar, 4; kven som hev vit på kva rett er, 5; fatigmannen og rikmannen, 6.11; den vituge sonen, 7; okerkaren, 8; den ugudlege er ein styggedom, 9; vill-leidaren fær straff, 10; um å dylja eller sanna synder, 13; den rette otten, 14; ugudlege styrarar, 15.16; dråpsmannen, 17; løni for lytelaus livnad og straffi for ugudleg livnad, 18; den annsame og letingen, 19; å fara etter rikdom, 20.22; å gjera mannemun, 21; refsing og smeikjing, 23; å plundra foreldri, 24; vinnesykja, lit til Gud, sjølvtillit, 25.26; gjevmildskap og miskunnløysa, 27.
1Dei ugudlege flyr um ingen elter dei; men dei rettferdige er trygge som ungløva.
18Den som er lever ulastande, vert frelst; men den som er falsk og gjeng tvo vegar, fell på den eine.
19Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød; men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod.
28Når dei ugudlege kjem seg upp, då gøymer folk seg; men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.