Esekiel 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren, han som talar, styrkjer Esekiel med ordet sitt, 1-2, og kallar han so til profet for dei burtførde jødane; han held fram kor trassige dei er, men byd han lik vel å gjera si gjerning utan otte, 3-7. So gjev Herren han inn det ordet han skal forkynna; I ei syn retter han profeten ein bokrull som er fullskriven på båe sidor med syrgjesongar og ve-rop, og by han å eta han; profeten gjer det, og bokrullen smakar han søtt, 8-3,3.

1Han sa til meg: Menneskeson! Statt upp på føtene dine, so eg kann få tala med deg!Dan 10,11

2Og det kom ånd i meg med det same han tala til meg, og reiste meg upp på mine føter, og eg lydde på han som tala til meg.Esek 3,24

3Han sa til meg: Menneskeson! Eg sender deg til Israels-borni, dei upprørske heidningar som hev gjort upprør mot meg; dei sjølve og federne deira hev vore utrue mot meg alt til den dag i dag.

4Og til borni med dei ubljuge andleti og harde hjarto sender eg deg, og du skal segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud.Esek 3,7; Jes 48,4; Jer 5,3; Sak 7,12

5Og anten dei lyder på eller ikkje - for ei trassig ætt er dei - so skal dei få vita at ein profet hev vore midt imillom dei.Esek 3,11.27; 33,33

6Men du menneskeson, ver ikkje redd dei, og ottast ikkje ordi deira! For netlor og klunger hev du ikring deg, og millom skorpionar bur du. Ordi deira skal du ikkje ottast, og for deira åsyn skal du ikkje fæla; for ei trassig ætt er dei.

7Du skal tala ordi mine til dei anten dei lyder på eller ikkje; for trassige, det er dei.

8Men du menneskeson, lyd på det som eg talar til deg! Ver ikkje trassig som den trassige ætti! Lat upp munnen din og et det som eg gjev deg!

9Og som eg såg, fekk eg sjå ei hand som var rett ut til meg, og i den var ein bokrull.

10Han breidde han ut framfor meg, og han var fullskriven både inni og utanpå; og det som stod skrive der, var syrgjesongar og sukkar og ve-rop.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help