1So tok Jakob i vegen att og gjekk til han kom til Austmannalandet.
2Og då han skoda ikring seg, fekk han sjå ein brunn på marki og tri saueflokkar som låg der innmed; for av den brunnen vatna dei buskapen. Men steinen som låg yver brunnen var stor.
3Og når alle flokkane var samla der, velte dei steinen av brunnen og vatna feet, og so la dei steinen på staden sin att, yver brunnen.
4Og Jakob spurde dei: Kvar er de frå, brørne mine? Då svara dei: Me er frå Karan.
5So spurde Jakob: Kjenner de Laban, son åt Nakor? Dei svara: Ja, me kjenner han.
33Og ho vart med barn ein gong til og åtte ein son og sa: Herren hev høyrt at eg var vanvyrd; difor hev han gjeve meg denne og. So kalla ho han Simeon.
34Og ho vart med barn endå ein gong og åtte ein son og sa: No lyt fulla mannen min halda seg til meg, sidan han hev fenge tri søner med meg. Difor kalla dei han Levi.
35Og ho vart med barn fjorde gongen og åtte ein son og sa: No vil eg lova Herren. Difor kalla ho han Juda. So fekk ho ikkje fleire born då.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.