2. Samuelsbok 16 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Siba kjem til David med matvaror og lyg på Mefiboset, herren sin; David gjev han jordeigedomane åt Mefiboset, 1-4. Sime'i bannar David; men David vil ikkje gjera han noko til meins for det, 5-14. Husai kjem til Absalom og læst vilja gjeva seg i hans tenesta. Akitofel råder Absalom til å ganga inn til fylgjekonone åt David for augo på heile Israel, og han gjer so, 15-23.

1Då David var komen eit lite stykke frametter på hi sida av høgdi, fekk han sjå Siba, rådsdrengen åt Mefiboset, som kom imot han med eit par kløvasen; på dei førde han tvo hundrad kakebrød og hundrad rosinkakor og hundrad stykke sumarsfrukt og ei hit med vin.2 Sam 9,2

2Då sa kongen til Siba: Kva vil du med dette? Siba svara: Asni skal kongslyden hava til å rida på; brødet og frukti skal vera til mat for sveinane, og vinen skal dei drikka dei som gjeng seg trøytte i øydemarki.

3Kongen spurde: Men kvar er son åt herren din? Siba svara: Han held seg i Jerusalem; han sa: No vil Israels-folket gjeva meg att kongedømet åt far min.2 Sam 9,4-7

4Då sa kongen til Siba: Alt det Mefiboset eig, skal vera ditt. Siba svara: Eg takkar på mine kne; gjev kongen alltid vilde visa meg sin nåde!

5Då kong David hadde nått so langt som til Bahurim, kom ein mann som var skyld Sauls-ætti, ut på vegen, Sime'i Gerason heitte han. Han kom bannande1 Kong 2,8

6og kasta med stein etter David og alle tenarane åt kong David, medan alt folket og alle dei djervaste stridsmennene gjekk med han, sume på høgre og sume på vinstre sida.

7Og alt medan han banna, ropa han: Burt med deg, burt, din blodhund, ditt illmenne!2 Mos 22,28

8No tek Herren hemn yver deg for alt blodet som hev runne i ætti åt Saul. Det var i hans stad du vart konge, men no hev Herren gjeve kongedømet til Absalom, son din, no ligg du som du hev reidt til, for ein blodhund er du.

9Då sa Abisai Serujason til kongen: Kvifor skal denne daude hunden banna deg, herre konge? Lat meg få ganga burt og slå hovudet av han!1 Sam 26,8

10Men kongen sa: Kva vil de meg, de Seruja-søner? Når han bannar, og når Herren hev sagt til han: Banna David! - kven torer då segja: Kvifor gjorde du det?2 Sam 19,22; Klag 3,37-38; Joh 18,11

11So sa David til Abisai og alle dei andre mennene sine: De ser at son min, som er mitt eige kjøt og blod, sit um meg og vil taka livet mitt, kann ein då venta anna av denne benjaminiten? Lat han berre banna! For Herren hev sagt at han skal.

12Kann henda Herren ser til meg i mi naud og let meg få noko godt att i staden for den forbanningi som hev råma meg i dag.

13So heldt David og mennene hans fram etter vegen medan Sime'i gjekk uppe i lidi jamte med han, og heile tidi banna han og kasta med stein og hivde sand.

14Då det leid på, drog kongen og alt folket som var med han, inn i Ajefim og kvilde seg der.

15Medan var Absalom med alle sine folk, Israels-mennene, komen til Jerusalem; Akitofel var og med.

16Då no Husai av Ark-ætti, venen åt David, kom åt Absalom, ropa han imot han: Kongen leve! Kongen leve!2 Sam 15,37

17Då sa Absalom til han: Er det soleis du viser din kjærleik til venen din? Kvifor fylgde du ikkje venen din?

18Husai svara: Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle Israels menner hev kåra, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.

19Og for det andre: Kven skulde eg tena? Skulde eg ikkje tena son hans? Eg hev vore ein trugen tenar for far din; det same vil eg vera for deg.

20So sa Absalom åt Akitofel: Gjev no de meg ei råd! Kva skal me gjera?

21Akitofel svara: Gakk inn til fylgjekonone åt far din, dei som han let vera att her til å taka vare på huset! Når då heile Israel fær høyra at du hev gjort deg reint til uvens med far din, vert dei so mykje djervare alle dei som held med deg.2 Sam 15,16

22Då sette dei upp ei tjeldbu på taket for Absalom, og Absalom gjekk inn til fylgjekonone åt far sin for augo åt heile Israel.2 Sam 12,11-12

23For ei råd som Akitofel gav, var den tid likso gjæv som det svaret ein fekk når ein spurde Guds ord til råds; so gjæv var kvart råd av Akitofel, både for David og for Absalom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help