1. Samuelsbok 29 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Akis dreg ut i striden saman med filistarhovdingane og folket og vil hava David med seg; men det vil ikkje hovdingane gjeva han lov til, 1-5. Akis orsakar seg for David og sender han heim att, 6-11.

1Filistarane samla alle herane sine i Afek; men Israel lægra seg innmed kjelda i Jisre'el.1 Sam 4,1

2Som no filistarhovdingane drog fram med flokkar på hundrad mann og på tusund mann, kom David og mennene hans og dragande; dei fylgde Akis og var attarst i ferdi.

3Då sa filistarhovdingane: Kva skal desse hebrearane her? Akis svara: Ser de ikkje det er David, som fyrr gjorde hertenesta hjå Saul, Israels-kongen? No hev han vore hjå meg år og dag, og eg hev ikkje funne noko å lasta han for frå den dag han gjekk yver til meg, og til no.1 Sam 27,7

4Men hovdingane vart vonde på han og sa til han: Send mannen attende! Lat han fara heim att til den bygdi du hev gjeve han til bustad! Han skal ikkje draga med oss ut i striden; han kunde gjerne venda seg mot oss midt i slaget. For korleis kunde han lettare få koma seg inn att hjå herren sin enn med hovudi av hermennene våre?1 Krøn 12,19

5Er det ikkje den same David som dei song soleis um medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusundtal, men David i titusund-tal?1 Sam 18,7

6Då kalla Akis David til seg og sa til han: So visst som Herren lever: Du er ein ærleg kar, og eg vilde gjerne du skulde ganga ut og inn hjå meg i lægret; for eg hev ikkje set anna enn godt av deg alt ifrå den dag du kom til meg, og til no. Men hovdingane likar deg ikkje.

7So far no heim att i fred, so du ikkje gjer noko som er filistarhovdingane imot!

8David svara: Kva hev eg då gjort? Hev du havt noko å segja på meg i den tid eg hev vore i di tenesta, sidan eg ikkje må vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?

9Akis sa: Eg veit med meg sjølv at eg held deg so gjæv som du skulde vera ein Guds engel; men filistarhovdingane segjer: Han fær ikkje draga med oss ut i striden.

10So ris no tidleg upp i morgon, du og mennene åt herren din som hev fylgt deg hit - gjer dykk reiduge i otta og tak i vegen so snart de ser at det ljosnar!

11So reis David og mennene hans upp tidleg i otta og gav seg same dagen på vegen attende til Filistarlandet; men filistarane drog upp til Jisre'el.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help