Salmane 66 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren bed heile jordi prisa Gud, 1-4, for dei underfulle frelses-verk han fyrr hev gjort mot sitt folk, 5-7, og for di han nyst hev berga det frå trengslor som framande folk hadde ført yver dei, 8-12. No vil han bera fram til Gud dei takkofferi han hev lova han i desse trengslone, 13-15, og han manar alle dei gudlege til å lyda når han fortel korleis Gud hev gjeve han det han bad um i ærlegdom, 16-20.

1Til songmeisteren; ein song, ein salme. / Set i med fagnadrop for Gud, all jordi!Jes 49,13

2Syng ut hans namns æra, gjev han æra til hans pris!

3Seg til Gud: Kor skræmelege dine verk er! For di store makt skuld må dine fiendar smeikja for deg.5 Mos 33,29

4All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn. Sela.

5Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot mannsborni.Sal 46,9

6Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i han!2 Mos 14,21; Jos 3,16

7Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningane; dei trassige må ikkje upphøgja seg. Sela.Sal 33,13

8De folk, lova vår Gud og kunngjer hans pris med høg røyst,

9han som heldt vår sjel i live og ikkje let vår fot vera ustød!Sal 55,23

10For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.Ordt 17,3; 1 Pet 1,7

11Du førde oss inn i eit garn, du la ei tyngjande byrd på våre lender.

12Du let menneske fara yver vårt hovud; me kom i eld og vatn. Men du førde oss ut og kveikte oss.Jes 43,2

13Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,

14det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala då eg var i naud.

15Brennoffer av gjødslefe vil eg ofra til deg med eim av verar; eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela.

16Kom og høyr, alle de som ottast Gud, so vil eg fortelja kva han hev gjort for mi sjel.

17Til han ropa eg med min munn, og lovsong var under tunga mi.

18Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.Ordt 15,29; 28,9; Jes 1,15; Joh 9,31

19Men Gud hev høyrt, han hev lydt etter mitt bønerop.

20Lova vere Gud, som ikkje sa viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help