Ordtaka 26 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Dåre-æra, 1.8; fåfengd forbanning, 2; dårar treng tukt, 3; um å svara dårar, 4.5, å bruka ein dåre til bodberar, 6; ordtøke i dåremunn, 7.9; uvitugskap når ein vel tenarar, 10; dåren vert aldri betre, 11; eigen visdom, 12; latskap, 13-16; um den som blandar seg i tretta som ikkje kjem han ved, 17; låk orsaking for svik mot næsten, 18.19; baktalarar, 20.22; trettekjære folk, 21; skrymting, dult hat og fals 23-28.

1Som snø um sumaren og regn i skurden, so høver æra for ein dåre.

11Lik hunden som vender att til si eiga spya, er ein dåre som kjem att med dårskapen sin.2 Pet 2,22

12Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for han.Rom 12,16

13Letingen segjer: Det er ei løva på vegen, ei løva i gatone.Ordt 22,13

14Døri snur seg på gjengi, og letingen snur seg i sengi.Ordt 24,33

15Den late stikk si hand i fatet, men idest ikkje taka henne upp til munnen att.Ordt 19,2

16Letingen tykkjest visare vera enn sju som gjev vituge svar.Ordt 26,5

17Lik ein som triv i øyro på framumfarande hund, er den som ryk upp i sinne for tretta som ikkje kjem han ved.

18Lik ein galen mann som kastar brandpilar og skyt og drep,

19er ein mann som hev svike venen sin og segjer: Eg gjorde det berre på gaman.

20Når veden tryt, so sloknar elden, og når baktalaren er burte, stoggar tretta.

21Som kol vert til glør, og som ved nører eld, so kveikjer kranglaren kiv.Ordt 15,18

22Baktalar-ord er som lostemat, og dei sig ned i inste hjarta.Ordt 18,8

23Som sylvglasering på ei leirskål er brennande lippor når hjarta er vondt.

24Med lippone skaper ein uven seg til, men inni seg gøymer han svik.

25Gjer han seg blidmælt, so tru han ikkje! For sju slag styggedom bur i hans hjarta.Apg 16,17

26Hataren dyl seg i svik, men hans vondskap ter seg i folkemugen.

27Den som grev ei grav, skal stupa nedi, og den som velter upp ein stein, skal få han yver seg att.Sal 7,16; 9,16; Fork 10,8

28Ei ljugartunga hatar dei som ho hev krasa, og den sleipe munnen valdar fall.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help