1Josva Nunsson sende i løynd tvo speiarar ut frå Sittim og sa til dei: Tak av stad og sjå dykk um i landet, helst i Jeriko! So for dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkja som heitte Rahab, og der fekk dei hus.
11Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so redde vart me, og no finst det ingen meir som hev mod til å møta dykk; for Herren dykkar Gud han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.Jos 5,1; 5 Mos 4,39
12So sver meg no ved Herren, at sidan eg hev gjort sælebot på dykk, so skal de gjera sælebot på folket mitt, og gjev med trygd for
13at de vil spara foreldri og syskini mine og alt husfolket deira og berga livet vårt!
14Då sa mennene: Med vårt eige liv skal me svara for livet dykkar, so sant de ikkje let nokon få vita kva ærend me fer i; og når Herren gjev oss dette landet, so skal me vera trugne og miskunnsame mot deg.Jos 6,23.25
15So fira ho dei med eit reip ned frå vindauga; for ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.
16Og ho sa til dei: Far no til fjells, so de ikkje møter dei som leitar etter dykk, og haldt dykk løynde der i tri dagar, til dei kjem att; sidan kann de fara kvar de vil.
17Då sa mennene til henne: Gjer du ikkje som me no segjer, so held me oss for løyste frå den eiden du let oss sverja:
18Når me kjem inn i landet, skal du binda denne raude snori i vindauga som du fira oss ned frå, og so skal du samla foreldri og brørne dine og alt skyldfolket ditt i huset hjå deg.
19Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av dei som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.
20Og talar du til nokon um ærendi vår, so er me og løyste frå den eiden du tok av oss.
21Ho svara: Det skal vera som de segjer. So bad ho farvel med dei, og dei gjekk. Sidan batt ho den raude snori i vindauga.
22Dei gjekk til dei kom upp i fjellet; der heldt dei seg i tri dagar, til dei som hadde sett etter dei, var attkomne; dei hadde leita etter heile vegen, men ingen funne.
23So tok dei tvo ferdamennene på heimvegen og gjekk ned frå fjellet og sette yver elvi og kom til Josva Nunsson og sa frå um alt det som hadde hendt dei.
24Og dei sa til Josva: Herren hev gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur der, er so redde oss at dei skjelv.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.