Daniel 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I fyrste styringsåret åt kong Belsasar hev Daniel ei draumsyn som han skriv upp, 1. Han ser fire dyr stiga upp or havet (folkeverdi) i ein storm: ei løva med ørnevenger, som sidan fær likskap med eit menneske, ein bjørn med tri sidebein i gapet, ein leopard med fire fuglevenger og fire hovud, og eit fjorde, skræmeleg dyr, som hev ti horn, og millom desse horni veks det umsider upp eit lite horn med manneaugo og ein munn som talar ovmodige ord, 2-8. So ser han korleis Gud, med tallause englar ikring seg, held dom over det fjorde dyret og tyner det, 9-12, og sidan ser han ein skapnad som er lik eit menneske og kjem med himmelskyene (Messias), tek imot han av han æveleg velde yver alle folki, 13.14. Profeten vert redd; han bed ein av englane tyda syni for han, og engelen gjer so: Fire kongerike skal koma upp, eitt etter hitt, til dess Guds folk fær riket i eige, 15-18; han vil hava nøgare uttyding um det fjorde dyret, og engelen segjer at dyret er eit fjorde rike, som skal øyda alt på jordi, at dei ti horni på det er ti kongar og at det ellevte hornet ein konge som skal fara hardt fram mot Guds folk og freista å gjera ende på gudsdyrkingi deira, men som Gud so skal tyna (Antikrist); so skal Guds folk få riket til æveleg tid, 19-27. Profeten er forfærd yver syni, men gøymer henne i hjarta, 28.

1I det fyrste året Belsasar var konge i Babel, hadde Daniel ein draum og såg syner medan han låg på lægjet sitt; sidan skreiv han upp draumen og fortalde hovudinnhaldet av han.

2Høyr no kva Daniel fortalde: Eg hadde ei syn um natti, og i den syni såg eg korleis dei fire himmel-vindane storma fram yver det store havet.

3Og fire dyr steig upp or havet, det eine ulikt det andre.

4Det fyrste liktest ei løva og hadde ørnevenger, og medan eg såg på det, vart vengene rivne av dyret, og det vart lyft upp frå marki og sett på tvo føter som eit menneske, og det fekk eit mannehjarta.

5So fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja; det var likt ein bjørn og lette seg upp på den eine sida; og det hadde tri sidebein i gapet millom tennene, og det vart sagt til det: Statt upp og et mykje kjøt!

6Sidan såg eg i syni mi eit anna dyr, som liktest ein leopard; det hadde fire fuglevenger på ryggen og hadde fire hovud, og det fekk stort velde.

26Men so vert retten sett, og veldet skal verta teke frå han, so han skal utrydd og tynt for alle tider.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help