1Då det leid um ei tid, drog filistarane i hop herflokkane sine og budde seg til strid. Dei samla seg i Soko, som høyrer til Judafylket, og lægra seg innmed Efes-Dammim, millom Soko og Aseka.
2Saul og Israels-mennene samla seg og; dei slo læger i Terebintedalen og fylkte seg til å taka imot filistarane.
3Filistarane stod i den eine lidi og israelitane i hi, so dei hadde dalen imillom seg.
4Best det var, gjekk ei holmgangskjempa fram or filistarlægret; han heitte Goliat og var frå Gat; han var seks alner og ei spann høg.
5Han hadde ein koparhjelm på hovudet og var klædd i ei ringbrynja, som og var av kopar og vog fem tusund sekel.
6På leggene hadde han koparspenger, og på ryggen bar han eit kastespjot av kopar.
7Skaftet på langspjotet hans var som storeréven på ein vev, og jarnet i odden på det vog seks hundrad sekel, og skjoldberaren hans gjekk fyre han.
28Då Eliab, eldste bror hans David, høyrde kva han tala med mennene um, vart han harm på han og sa: Kva vil du her? Og kven hev du fenge til å gjæta dei tvo-tri sauene burti øydemarki? Eg kjenner dei store tankane dine og det vonde du hyser i hjarta ditt; du vil sjå på striden - det er difor du er komen hit.
29David svara: Kva gale hev eg no gjort? Det var då berre eit spursmål.
30So vende han seg frå han til ein annan og tok upp att spursmålet sitt, og folki svara det same som fyrste gongen.
31Det spurdest snart kva David hadde sagt, og Saul fekk og høyra det. Han sende bod etter han,
32og David sa til Saul: Ingen må missa modet! Tenaren din vil ganga av stad og slåst med denne filistaren.
33Men Saul svara: Du er ikkje før til å ganga imot denne filistaren og slåst med han; for du er berre ungguten, og han hev vore hermann alt ifrå ungdomen.
34Då sa David: Tenaren din gjætte jamleg småfeet for far sin; kom då ei løva eller ein bjørn og rana ein sau or flokken,
35so sprang eg etter og slo udyret og reiv sauen ut or gapet på det; og reis det å ende imot meg, greip eg det i skjegget og slo det til det dauda.
36Både løva og bjørn slo tenaren din i hel, og like eins skal det ganga denne u-umskorne filistaren, sidan han hev spotta heren åt den levande Gud.
37So sa David: Herren, som hjelpte meg mot løva og bjørnen, han hjelper meg nok mot denne filistaren og. Då sa Saul til David: Gakk då! Herren vil nok vera med deg.
38So let han David få sine eigne klæde og sette ein koparhjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynja.
39Og David batt sverdet hans um seg utanpå herklædi og vilde til å ganga; for han hadde ikkje prøvt det fyrr. Men so sa han til Saul: Eg fær ikkje ganga med dette på meg; eg er ikkje van med det. So la han det av seg
40og tok staven sin i handi. I eit bekkefar leita han seg ut fem slette steinar og la dei i hyrdingtaska som han hadde på seg. Og slyngja si hadde han i handi. So gjekk han fram mot filistaren.
41Medan kom filistaren næmare og næmare burtimot David, og skjoldberaren hans gjekk fyre han.
42Då filistaren såg ikring seg, vart han var David, men vyrde han ikkje for noko, av di han var ein unggut, raudleitt og ven å sjå til.1 Sam 16,12
43Filistaren ropa til David: Held du meg for ein hund, sidan du kjem imot meg med stavar? Og han banna David ved guden sin.
44So sa han: Kom hit til meg, so skal eg gjeva kjøtet ditt til fuglane i lufti og villdyri i skogen.
45David svara: Du kjem imot meg med sverd og langspjot og kastespjot; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, allhers Gud, han som er Gud for Israels fylkingar - han som du hev spotta.Sal 20,8
46I denne dag skal Herren gjeva deg i mitt vald; og eg skal slå deg i hel og skilja hovudet ditt frå bulen, og liki av filistarheren skal eg i denne dag gjeva til fuglane i lufti og villdyri på jordi, so all jordi skal få sjå at Israel hev ein Gud.
47Og heile denne lyden skal få sjå at det ikkje er med sverd og spjot Herren gjev siger; for det er Herren som råder for endelykti på striden, og han skal gjeva dykk i vårt vald.
48Då no filistaren gjorde seg reidug og gjekk fram og kom næmare burtimot David, skunda David seg og sprang fram imot fylkingi, til møtes med filistaren.
49David stakk handi ned i taska og tok upp ein stein; den sende han ut med slyngja og råka filistaren i panna, so steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte framlenges i marki.
50Soleis vann David yver filistaren med slyngja si og steinen og felte han, so filistaren låg daud, endå David ikkje hadde noko sverd i handi.
51Med so gjort sprang David fram og steig innåt filistaren. Han tok og drog sverdet hans ut or slira, gav han so banestøyten med det og hogg hovudet av han. Med same filistarane såg at kjempa deira var daud, rømde dei.
52Og Israels- og Juda-mennene styrmde fram med høge herrop og elte filistarane til tett innåt Gat og radt til Ekronportane. Mange filistarar fall og låg drepne på vegen til Sa'ara'im og heilt burtåt Gat og Ekron.Jos 15,36
53So langt sette Israels-borni etter filistarane; so snudde dei attende og herja lægret deira.
54David tok hovudet åt filistaren og hadde det med seg til Jerusalem; men våpni la han i tjeldbui si.
55Då Saul såg David ganga fram imot filistaren, sa han til Abner, herhovdingen: Kven er den guten son til, Abner? Abner svara: So visst som du lever, konge, eg veit ikkje det.
56Då sa kongen: Spør etter du kven den ungdomen er son åt!
57Då so David kom att og hadde felt filistaren, tok Abner og leidde han fram for Saul, medan han endå heldt hovudet åt filistaren i handi.
58Og Saul spurde han: Kven er du son åt, gut? David svara: Eg er son åt Isai frå Betlehem, tenaren din.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.