Jeremia 44 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremias forkynner jødane i Egyptarland at dei skal verta utrudde med sverd og svolt, av di dei ikkje hev late seg vara ved Herrens straffedom yver Juda og Jerusalem, men held på og dyrkar avgudar, 1-14. Dei svarar at dei slett ikkje vil halda upp med avgudsdyrkingi, som hev vore til lukka for dei, 15-19. Profeten syner dei at det just er avgudsdyrkingi som hev ført ulukka yver Juda og Jerusalem, og varslar dei tyning og undergang, og til merke på at det skal ganga som han hev sagt, forkynner han at Hofra, egyptarkongen, skal gjevast i hendene på Nebukadnesar, 20-30.

1Dette er det ordet som kom til Jeremias um alle dei jødane som budde i Egyptarlandet, dei som budde i Migdol og i Tahpanhes og i Memfis og i Patroslandet:

2So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: De hev set all den ulukka som eg hev late koma yver Jerusalem og yver alle Judabyane - og sjå, no er dei ei audn, og ingen bur i dei -

3for det vonde som dei gjorde, so dei harma meg, med di dei gjekk og brende røykjelse og tente andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei eller de eller federne dykkar.

4Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetane, både jamt og samt, og sa: Far ikkje med denne styggedomen som eg hatar!

9Hev de gløymt det vonde som federne dykkar gjorde, og det vonde som kongane i Juda gjorde, og det vonde som kvinnone der gjorde, og det vonde som de sjølve og kvinnone dykkar gjorde i Judalandet og på Jerusalemsgatone?

10Endå hev dei ikkje audmykt seg, og dei ottast ikkje og lever ikkje etter mi lov og mine bod, som eg hev lagt fram for dykk og federne dykkar.

11Difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå, eg snur andletet mot dykk til ulukka, og eg vil rydja ut heile Juda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help